Semestre
JOR111 Praksis i radio
Det er avgrensa tal plassar på dette emnet. I 2. semester (førsteårsstudentar) er maks antall studentar 22. I 4. semester (andreårsstudentar) er maks antall studentar 10.
Søknad om deltaking på emnet skal gjerast i undervisningsopptaket.
Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil studentane sine opptakspoeng til emnet i 2. semester vere avgjerande for rangeringa.
I 4. semester vil karakteren i JOU112 Journalistikk 2 – Kjeldearbeid og formidling vere avgjerande for rangeringa. Ved like resultat vil ein også ta med resultat i MEV121 Medievitskap 1 – Medium, ytringsfridom og offentlegheit.
Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden, saman med to veker praksisførebuande undervisning. Teoretisk kunnskap skal omsetjast til praktiske ferdigheiter gjennom produksjon av nyheiter og aktualitetar for radio. Studentane får også erfaring med å lage nettversjonar av sakene sine. Språk, forteljeteknikk og saksoppbygging er viktige tema. Studentane skal også meistre dei tekniske produksjonsverktøya som er i bruk i internpraksisen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten kan:
- forklare radiomediet sin eigenart og omgrep brukt i radioproduksjon
- gjere grunnleggande vurderingar og prioriteringar av saker ut frå nyheitsverdi
Studenten kan
- produsere og publisere nyheitssaker for radio
- gå inn i ulike journalistiske roller i ein radioredaksjon
- bruke enkle modellar for forteljarteknikk og gjere vurderingar ut i frå nyheitskriterier
- omarbeide radiosaker til nettsaker
Studenten kan
- Arbeide sjølvstendig i ein nyheitsredaksjon
- Samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø
- Evaluere eigne og andre sine nyheitsproduksjonar
Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes innføringskurs og praktisk, redaksjonelt arbeid.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- Produksjonar i internpraks
- Praksislogg
- Evaluering av emnet
Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- antall
- omfang
- frist
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Journalistikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | - | Stått eller ikkje stått | 100 | Innlevering av ei nyheitssak for radio, med metoderapport basert på pensum. | Metoderapport 1800-2200 ord. |