Semestre

ENG141N Grammatikk og leksikologi

Emnekode: 
ENG141N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei grunnleggande innføring i engelsk grammatikk og leksikologi, med hovudvekt på syntaks, morfologi, og vokabular. Studentane lærer å analysere og anvende engelsk språk med hjelp av sentral, grammatisk terminologi.

Emnet forutset god kompetanse i skriftleg og munnleg engelsk, samt grunnleggande kunnskap om grammatikk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om engelsk morfologi, med særleg vekt på verb- og substantivsystem
  • har kunnskap om engelsk syntaks
  • har kunnskap om tilhøvet mellom form og meining i engelsk grammatikk
  • har kunnskap om sentrale omgrep innanfor leksikologi, etymologi og orddanning i det engelsk språket
  • har kunnskap om engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan identifisere og analysere språkelement på ulike nivå i engelsk
  • kan reflektere over effekten av ulike grammatiske strukturar
  • kan vere i stand til å bruke kunnskapen sin om engelsk grammatikk til å forbetre eigen språkbruk
  • kan analysere og diskutere bruken av ord i engelsk, og korleis dei relaterer til tyding og stilnivå
  • kan bruke engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan skrive god akademisk engelsk
  • kan bruke grammatisk korrekt engelsk i praktiske situasjonar
  • kan bruke språklege kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig, reflekterande og kritisk måte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga skjer over nett på læringsplattforma Canvas. Det vert publisert ein til to nettleksjonar i veka, som studentane kan studere når dei har høve. Kvar leksjon tek føre seg eit bestemt tema og kombinerer skriftleg innhald, lyd og videofiler, samt oppgåver. Det vert også halde nokre synkrone seminar på Zoom (desse er ikkje obligatoriske), og det er difor viktig at studentane har tilgong til datamikrofon og web-kamera. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere og få godkjent to skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Lengda på desse arbeidskrava er avhengig av kva type oppgåver som blir fastsett av emneansvarleg. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis to arbeidsdagar). 

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Gloria Otchere
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium)
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
  • Historie - bachelor (nettstudium)
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Arne Myklebust