ENG142N Litteratur, kultur og samfunn etter 1900

Emnekode: 
ENG142N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Literature, culture and society after 1900
Emnenavn på bokmål: 
Litteratur, kultur og samfunn etter 1900
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet gir ei innføring i moderne litteratur, kultur og samfunn frå den engelskspråklege delen av verda etter 1900. Det omfattar eit breitt utval hendingar, tekstar og andre sosiale og kulturelle fenomen frå USA, Storbritannia og dei tidlegare britiske koloniane, og gjev studentane ferdigheiter til å forstå, analysere og vurdere dette materialet.

Erfaring med å lese lengre litterære tekstar på engelsk vil vere ein fordel.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om nokre viktige formelle og tematiske særtrekk ved engelskspråkleg litteratur etter 1900
  • har kunnskap om sentrale aspekt ved historie, kultur og samfunn i Storbritannia, USA og andre engelskspråklege land etter 1900
  • har kunnskap om grunnleggande teknikkar for litterær, kulturell og historisk analyse
  • har kunnskap om samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i denne perioden
  • har kunnskap om korleis ein skriv gode akademiske essay på engelsk
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere og tolke moderne engelske litterære tekstar i ulike sjangrar ved bruk av normerte metodar for litterær kritikk
  • kan vurdere og tolke politiske og historiske hendingar i engelskspråklege land etter 1900
  • kan nytte digitale ressursar til å analysere og vurdere litteratur, kultur og samfunn
  • kan samanlikne og analysere samspelet mellom litteratur, kultur og samfunn i denne perioden
  • kan skrive strukturelt og stilistisk gode akademiske essay på engelsk
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analysere, vurdere og framstille informasjon på ein kritisk og samanhengande måte
  • kan skrive overtydande og velstrukturerte akademiske essay
  • kan formidle engelskspråkleg kultur til eit breitt publikum
  • kan bruke digitale ressursar på ein kritisk og produktiv måte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga skjer over nett på læringsplattforma Canvas. Det vert publisert ein nettleksjon i veka, som studentane kan studere når dei har høve. Kvar leksjon tek føre seg eit bestemt tema og kombinerer skriftleg innhald, lyd og videofiler, samt diskusjonsforum. Det vert også halde nokre synkrone seminar på Zoom (desse er ikkje obligatoriske), og det er difor viktig at studentane har tilgong til datamikrofon og web-kamera. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten også fullføre og få godkjent tre skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart:

1. ein kort tekst med relevans til arbeidslivet som formidlar engelskspråkleg kultur til eit breitt publikum (studentane kan bli spurt om å lese og kommentere oppgåvene til kvarandre)

2. eit kultur- og samfunnsarbeidskrav (1000 ord)

3. eit litteraturessay (1500 ord)

Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis med kort frist). 

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Timothy Saunders
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium)
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
  • Historie - bachelor (nettstudium)
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen består av tre delar: ei 1000-ord kultur- og samfunnsoppgåve (34%); ei kortsvarprøve om litteratur (33%); og eit 1500-ord litteraturessay (33%). Tema for litteraturessayet vert publisert på Canvas ei veke før eksamen.
Godkjent av: 
Arne Myklebust