Semestre

ENG141N Grammatikk og leksikologi

Emnekode: 
ENG141N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei grunnleggande innføring i engelsk grammatikk og leksikologi, med vekt på syntaks, morfologi, vokabular og samanhengar/relasjonar mellom grammatikk og meining på engelsk. Studentane lærer å identifisere, analysere og beskrive strukturen i det engelske språket, og får innsikt i korleis grammatikk bidreg til meining. Kunnskapen tilegnet i dette emnet er anvendelig innenfor ulike arbeidsfelt som undervisning, kulturarbeid, media, forvaltning og reiseliv. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om engelsk syntaks
  • har kunnskap om tilhøvet mellom form og meining i engelsk grammatikk
  • har kunnskap om sentrale omgrep innanfor leksikologi, etymologi og orddanning i det engelsk språket
  • har kunnskap om engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan identifisere og analysere språkelement på ulike nivå i engelsk
  • kan reflektere over effekten av ulike grammatiske strukturar
  • kan vere i stand til å bruke kunnskapen sin om engelsk grammatikk til å forbetre eigen språkbruk
  • kan analysere og diskutere bruken av ord i engelsk, og korleis dei relaterer til tyding og stilnivå
  • kan bruke engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan bruke grammatisk korrekt engelsk i praktiske situasjonar
  • kan bruke språklege kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig, reflekterande og kritisk måte
  • kan bruke passende terminologi for å analysere, beskrive og tolke strukturen til engelske tekster
  • kan bruke kunnskap tilegnet til å skrive tekster på engelsk med forståelse for deres struktur
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga skjer over nett på læringsplattforma Canvas. Emnet er bygget opp i fire moduler tilsvarende de fire nivåene av grammatisk beskrivelse som er hovedfokus i emnet. Kvar modul tek føre seg eit bestemt nivå, og det vert publisert leseveiledning, undervisningsvideoer, samt oppgåver for kvar modul. Det vert også halde nokre synkrone seminar på Zoom (desse er ikkje obligatoriske), og det er difor viktig at studentane har tilgong til datamikrofon og web-kamera. Dessa synkrone seminarer kan tas opp og legges ut på Canvas i etterkant. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere og få godkjent tre arbeidskrav - eitt gruppearbeid og to individuelle arbeid - innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Lengda og strukturen på desse arbeidskrava vert kunngjort ved semesterstart. Ein student eller gruppe som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis to arbeidsdagar). 

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Gloria Otchere
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium)
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
  • Historie - bachelor (nettstudium)
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Bruk av KI er ikkje tillate
Godkjent av: 
Arne Myklebust