SSA103 Berekraftige samfunn

Emnekode: 
SSA103
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Sustainable Societies
Emnenavn på bokmål: 
Bærekraftige samfunn
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Utgangspunkt for emnet er kjerneelementet «Berekraftige samfunn» i læreplanen for samfunnsfag i Kunnskapsløftet 2020. Undervisninga i grunnskulen skal gi elevane innsikt i dei økonomiske, miljømessige og sosiale dimensjonane ved berekraftig utvikling, og samanhengen mellom desse. Emnet tar for seg berekraft og samfunnsutvikling frå ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, i fortid, notid og framtid. Undervisningstema i emnet vert knytt til omgrepa ressursar, utvikling og berekraft: Berekraft og ressursbruk, forbruk, klimalære, klimapolitikk, demografi, urbanisering og samfunnsutvikling med vekt på 1800-talet  Metodisk vil ein i emnet særskilt arbeide med digitale kjelder. I fagdidaktikken vil berekraftdidaktikk, kritisk omgrepsbruk og utvikling av undervisningsressursar ved bruk av digitale verktøy vere sentralt. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor fagområda knytte til berekraftige samfunn
  • Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområde knytte til berekraftige samfunn
  • Har kunnskap om didaktisk bruk av utvalde digitale uttrykksformer innanfor temaet berekraftige samfunn
Ferdigheiter

Studenten

  • Kan bruke ulike perspektiv på berekraftig utvikling frå det globale til det lokale, i fortid, notid og framtid 
  • Kan reflektere over eigen fagleg utøving innanfor temaet berekraftige samfunn 
  • Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling innanfor temaet berekraftige samfunn
  • Kan utvikle undervisningsressursar ved hjelp av digitale verktøy og kjelder, og vurdere den didaktiske relevansen for temaet berekraftige samfunn
Generell kompetanse

Studenten

  • Kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og eigen praksis i eit berekraftperspektiv
  • Kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, åleine og som deltakar i gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner
  • Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar om berekraftige samfunn både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, arbeid med digitale verktøy, skriftlege arbeid og rettleiing.

Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomførte i e-læringsplattforma Canvas.

Eksamen vert levert digitalt i Inspera – Høgskulen i Volda sitt system for digital vurdering.

Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen

Arbeidskrav:

Det er tre digitale arbeidskrav i emnet, alle er individuelle, og alle må vere leverte til rettleiing og godkjende for å kunne gå opp til eksamen. 

Arbeidskrava vil krevje bruk av ulike digitale verktøy, og skal knytast både til berekraft som tema og til studentane sine praksiserfaringar.

Rammene for arbeidskrava blir klare ved semesterstart 

Sensorordning
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Nils Magne Magerøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Skuleretta samfunnsfag - årsstudium (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Eitt arbeidskrav blir trekt ut og levert i eksamensmappa saman med ein overbyggande tekst  på 1000 - 1200 ord.
Med utgangspunkt i dei digitale arbeidskrava skal teksten vise korleis samfunnsfaget kan bidra i det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling