Digital kompetanse for lærarar

Vil du lære meir om teknologi og når det kan styrke læring? Finn ein vidareutdanning tilpassa deg og din situasjon.

Vidareutdanningar i digital kompetanse for lærarar ved Høgskulen i Volda

Hausten 2025 tilbyr vi:

KI og vurdering er heilt nytt frå og med hausten 2025. Robotar i læringsarbeid er også nytt, perfekt for deg som skal vere med på First lego League, eller berre er interessert i kreative- og skapande prosessar.

Fleksibelt og sjølvstyrt

Anten du er i full jobb eller siktar mot fulltidsstudium, tilpassar Høgskulen i Volda studieprogramma til ditt liv. Studer på dine premissar: fleksibelt, sjølvstyrt, og med relevant kompetanse for skule- og barnehagesektoren.

Slik søker du om opptak til emna i digital kompetanse

Våren 2026 tilbyr vi:

Institutt for digital kompetanse (IDK)

Vi underviser og forskar vi på digital kompetanse i læring, mediekompetanse og digital didaktikk. Vi utviklar og driv studietilbod, kurs og oppdrag frå barnehage til og med vaksenopplæring og høgare utdanning.

Tilpassa opplæring, programmering, klasseleiing, mediekultur og medieproduksjon, kunstig intelligens  m.m. er eksempel på område vi underviser og forskar på.

Les meir om IDK

Bruk av kunstig intelligens i studiesituasjon

Erfaringsutveksling i Austerrike

I slutten av november var Ingvild Buhaug og Trine Refvik Kupen ved Institutt for digital kompetanse deltakarar på International Week ved Høgskulen i Volda sin partnarhøgskule, Pädagogische Hochschule Tirol i Innspruch.

Les meir om studieturen til Austerrike