Kollegaer + vidareutdanning = sant

Er du lærar og på jakt etter eit vidareutdanningstilbod du kan kombinere med ein travel arbeidskvardag? Gjer som kollegaene Tone, Astrid og Ingrid – ta fem studiepoeng ved Høgskulen i Volda (HVO).

Tekst: David Høyheim Skintveit

- Oppdatert

Del på:

Er du lærar og på jakt etter eit vidareutdanningstilbod du kan kombinere med ein travel arbeidskvardag? Gjer som kollegaene Tone, Astrid og Ingrid – ta fem studiepoeng ved Høgskulen i Volda (HVO).

For eit halvt år sidan bestemte tre lærarkollegaer ved Øyra skule i Volda seg for å saman starte på 5-poengsstudiet Spel i læringsarbeid ved HVO: Tone Helene Lindalen Botn, Astrid Lindvik Velsvik Henriksen og Ingrid Øvstebø Dyrhovden.

Vidareutdanningstilbodet tilbyr kunnskap om og inspirasjon til å bruke dataspel i undervisning på ulike måtar, enten det er snakk om quizar og småspel, interaktive fortellingar, simuleringar eller å lage eigne spel saman med elevane.

Tone Helene og Astrid ved Øyra skule tek vidareutdanning ved HVO.
Lærarkollegaene Tone Helene Lindalen Botn (t.v.) og Astrid Lindvik Velsvik Henriksen ved Øyra skule er godt nøgde med fleksibel vidareutdanning ved HVO. Foto: HVO / David Høyheim Skintveit.

– Ettersom at eg er i full jobb, leita eg lenge etter eit studium på fem studiepoeng, noko som skulle vise seg å ikkje vere lett. Men så dukka utdanningane til Institutt for digital kompetanse ved HVO opp med tilbod som verka svært relevante, seier Astrid.

–  Vi har tidlegare teke andre vidareutdanningsstudium ved høgskulen, og motivasjonen ligg nok i å auke kompetansen i tråd med utviklinga i undervisningssektoren, og dessutan få fullført opprykk. At studiet var digitalt, gjorde det svært gunstig å kombinere med full jobb, legg Tone Helene til.

Fordelar ved å studere saman

For fleire kan det verke overveldande å gå tilbake til skulebenken mange år etter å ha fullført studietida første gongen. Kollegaene ved Øyra skule meiner dei har hatt stor glede og nytte av å gjere dette saman.

– Å kunne sparre med medstudentar er alltid viktig. Som vidareutdanningsstudentar som også er i full jobb, har det difor vore svært gunstig for oss å kunne gjennomføre slik sparring også på arbeidsplassen. Utveksling av tankar, erfaringar og kunnskap er ein viktig ressurs, fortel Astrid.

Ein av dei som har vore med på å utvikle studiet, er høgskulelektor Torbjørn Frantsen. Han fortel at fokuset har vore å tilby studium som både er relevante for lærarar og gir studentane større fleksibilitet i kva delar av fagområda dei vil fordjupe seg i.

– Å ta 15 studiepoeng medan ein er i full jobb, er ikkje nødvendigvis overkommeleg for alle.  Vi valde difor å bryte ned slike studium til fleire mindre bitar, slik at studentane tek fem studiepoeng, men kan kombinere fleire dersom dei kan og vil. Vidare har vi også vektlagt å ha oppdatert tematikk i tråd med og aktuelt for dagens situasjon, forklarer Torbjørn.

Vil du styrkje den digitale kompetansen din?

I tillegg til Spel i læringsarbeid tilbyr HVO fleire 5-poengsstudium med løpande opptak. Sjå det til kvar tid gjeldande tilbodet frå Institutt for digital kompetanse her: hivolda.no/idk

Har du spørsmål? Kontakt instituttleiar Torbjørn Frantsen eller emneansvarleg for dei ulike tilboda.

Del på: