Utforskar teknologi saman

Tekst: Steinarr Sommerset , Foto: Jorulf Myrene / Vikebladet Vestposten

- Oppdatert

IT-elevar, lokale bedrifter og høgskuletilsette har samarbeidd om å finne og teste nye tekniske løysingar. Prosjektet skal munne ut i HVO-forsking.

I løpet av fire samlingar har andreklassingar på IT-linja ved Ulstein vgs., representantar frå Høgskulen i Volda (HVO) og tilsette i lokale verksemder undersøkt ulike problemstillingar ved hjelp av mangfaldig teknologi, skriv avisa Vikebladet Vestposten i ein reportasje frå Skaparhuset i Ulsteinvik (krev abonnement).

Jets, Atea, Prodtex og Miljøsenteret på Runde er mellom verksemdene som har vore med.

Elevane jobbar med teknisk utstyr frå Skaparhuset.
Elevane eksperimenterer med teknisk utstyr frå Skaparhuset. Foto: Jorulf Myrene / Vikebladet Vestposten.

Eksperiment med sensor for søppel og mink

 – Her har vi sett på det korleis vi kan behandle store datamengder, produksjon av gjenstandar ved hjelp av 3D-printing, innhenting av data ved bruk av sensormålingar og korleis alt dette kan setjast saman til eit produkt, fortel lærar Sveinar Kleive ved Ulstein vgs. til avisa.

Ein sensor som kan varsle når det er på tide å tømme bossbøtta
Ein sensor som kan varsle når det er på tide å tømme bossbøtta. Foto: Jorulf Myrene / Vikebladet Vestposten.

Vikebladet Vestposten vitja gjengen på Skaparhuset i fullt arbeid med å utforske tidlegare denne månaden. Praktisk bruk av sensorar, til dømes varsling om full søppelbøtte eller sending av signal når mink er på jakt i Lundeura, var mellom oppgåve ungdommane fekk teste saman med Miljøsenteret på Runde denne dagen.

Observerer kreativiteten i møta

Samlingane inngår i eit forprosjekt for forsking ved HVO som har vore i gang i rundt eit år, med støtte frå Møre og Romdal fylkeskommune, fortel høgskulelektor Torbjørn Frantsen til avisa:

Høgskulelektor Torbjørn Frantsen ved HVO.
Høgskulelektor Torbjørn Frantsen ved HVO. Foto: Jorulf Myrene / Vikebladet Vestposten.

– Korleis kan ein lære på andre måtar enn gjennom tradisjonell undervisning i eit klasserom? Og kva skjer om når folk ifrå ulike miljø og i ulike aldrar vert kopla saman? Det er mellom dei tinga vi vil finne ut.

Frantsen arbeider ved Institutt for digital kompetanse, som mellom anna har mange fleksible utdanningstilbod for lærarar og i skule i barnehage. Han fortel til avisa at forskarane observerer kva som skjer i dei kreative møta mellom elevar og vaksne, og samlar data gjennom ei utforskande tilnærming.

Utforskande læring som forskingsprosjekt

Dataa som blir samla inn mellom anna frå desse samlingane med elevane, skal instituttet seinare analysere og bruke i forskingsprosjektet sitt.

– Utover hausten ser vi fram til å analysere desse dataa nærmare og undersøkje vitskapleg korleis alternative læringsmetodar kan vekkje elevane si interesse for å tileigne seg kunnskap på nye måtar, seier Frantsen til hivolda.no.

Del på