Kontrakter/oppdragstakar
Her finn du ulike kontrakter og skjema som skal nyttast ved avtale om oppdrag eller arbeid for Høgskulen i Volda (HVO).
Kva kontrakt/skjema du skal nytte er knytt til om du er oppdragstakar eller tilsett.
Tilsett: Arbeidet foregår regelmessig over noko tid, Høgskulen i Volda (HVO) har ansvar for arbeidsresultatet og kan føre tilsyn og gje instruks.
Oppdragstakar: utfører eit klart avgrensa oppdrag på sjølvstendig grunnlag, for eigen rekning og risiko. Oppdragsgjevar (HVO) har berre instruksjonsmynde innanfor rammene av oppdraget. Ein oppdragstakar kan vere ein fysisk person eller eit føretak.
Næringsdrivande: Utbetalingar til næringsdrivande vert handtert av Økonomikontoret via ordinær faktura.
Det kan vere vanskeleg å avgjere tilknytningsform. Det må gjerast ei konkret, heilskapleg vurdering i kvart tilfelle om det er snakk om tilsett eller oppdragstakar.
Eigne tilsette:
Ein tilsett ved HVO kan ikkje ta ekstra oppdrag som ligg tett opp til fagområdet sitt og krevje utbetaling som næringsdrivande. HVO har ikkje høve til å engasjere eigne tilsette til å utføre oppgåver knytt til oppdragsverksemd som firma/næringsdrivande eller for firma.
Kriterium for vurdering: | ||
Timelønte | Oppdragstakarar | Sjølvstendig næringsdrivande |
HVO har ansvar for arbeidsresultat. | Oppdragstakar har ansvar for arbeidsresultat. | Næringsverksemd er gjort for den næringsdrivande sin eigen rekning og risiko. |
HVO har instruksjonsmynde. | HVO har ikkje styringsrett i forhold til korleis oppdraget vert utført. | Undervisning kan ikkje utførast som næringsdrivande på HVO, jf UHL §1-5, 1 ledd. *) |
Arbeidet går over ei viss tid. | Oppdraget er kortvaring og består som regel av ein arbeidsprosess. | Tilsette på HVO kan ikkje utføre oppdrag som næringsverksemd på HVO. |
HVO stiller lokale og utstyr til rådvelde. | HVO stiller som regel ikkje lokale eller utstyr til rådvelde. | |
*) "Institusjonene har et ansvar for å sikre at undervisning, forskning og faglig og kunstnerisk utviklingsarbeid holder et høyt faglig nivå, og utøves i overensstemmelse
med anerkjente vitenskapelige, kunstfaglige, pedagogiske og etiske prinsipper".
Døme:
Timelønte | Oppdragstakarar | Sjølvstendig næringsdrivande |
Forelesar som held ein/fleire forelesningar/undervisningstimar knytt til eit emne. | Gjesteforelesing/innlegg på konferanse. | Utbetalingar til: |
Sensorar som i same periode er timelønt på emne. | Eksterne sensorar, praksisrettleiarar. | Selskaper (ANS, AS, DA mv) |
Eksterne medlemmer som gjer fagfellevurderingar for stillingar og kompentanseopprykk. | Allmennyttige lag, foreningar og stiftelsar | |
Eksterne medlemmar av styrer og råd. |
Retningslinjer:
Timelønte | Oppdragstakarar | Sjølvstendig næringsdrivande |
Skriftleg avtale må vere på plass før arbeidet startar. | Oppdragsavtale må vere på plass før arbeidet startar. | Oppdragstakar må ha organisasjonsnummer for å bli oppretta som leverandør og for å kunne levere faktura for oppdrag til HVO. |
Merk: dersom arbeidet er regelmessig kan tilsetjing med månadsløn vurderast som eit alternativ til timelister. | Skjema/kontrakt/timelister opplista nedanfor bør brukast. | HVO kontrollerer at gyldig organisasjonsnummer er oppretta. |
Kontrakt skal arkiverast i P360, vert gjort i etterkant av utbetaling av Personalkontoret. | Oppdragsavtale vert arkivert som rekneskapsbilag og oppbevart i 10 år. | Kontrakt skal foreligge. Vurderingsskjema skal lastast opp saman med faktura (sjå punktet skjema/kontrakt - næringsdrivande). |
Juridiske rettar og plikter:
Timelønte | Oppdragstakarar | Sjølvstendig næringsdrivande |
Omfatta av arbeidsmiljø-, ferie- og yrkesskadeforsikringslova samt hovedtariffavtalen i Staten. | Som hovedregel ikkje omfatta av regelverket i staten. | Ikkje omfatta av regelverket i staten. |
Mange timelønte er ikkje omfatta av statsansattlova, jf forskrift § 2 e. | Ikkje krav på feriepengar, sjukepengar. | Ikkje rett på feriepengar. |
Rett til feriepengar, rett til sjukepengar. | Ikkje medlemskap i SPK, men skal trekkast forskotsskatt og er omfatta av folketrygda. | Ikkje medlemskap i SPK. |
Rett til medlemskap i SPK. | Avtalt honorar. | Ikkje forskotsskatt. |
Vert lønna etter hovedtariffavtalen. | HVO rapporterer næringsinntekt til likningsmyndigheitene. | |
Krav om timelister. | Forholdet er regulert av kontrakt. |
Kontrakt/skjema skal vere utfylt med personopplysningar og underskrive av mottakar av løn/honorar. Avdelingsadministrasjonen konterer og syter for attestasjon og tilvising.
Skjema/kontrakter/timelister - tilsett/oppdragstakar:
Kontrakt om undervisning med timeliste
Kontrakt om rettleiing med timeliste
Kontrakt om administrativt arbeid med timeliste
Kontrakt om engasjement på pensjonistvilkår med timeliste
Skjema/kontrakt - næringsdrivande:
Kontrakt om honorar enkeltpersonforetak
Vurdering ved utbetaling for tenester til enkeltpersonforetak
Lønsutbetaling til utanlandske arbeidstakarar i kortvarige oppdrag:
Søknad om skattekort/forskuddsskatt for utenlandske borgere
Application for tax deduction card/advance tax for foreign citizens
Kontrakter på engelsk
Contract concerning teaching/tutoring
Timesheet for contract concerning teaching/tutoring
Contract concerning administrative employment
Timesheet for contract concerning administrative employment
Contract concerning peer review