Rapportar frå emne-/programansvarlege og avdelingane

For tilsette

 

Følgjande rapportar dannar grunnlaget for dei avdelingsvise kvalitetsrapportane:

Ekstern evaluering av studieprogram

Utdanningsutvalet peikar kvart år ut studieprogram på minst 60 studiepoeng som skal ha periodisk studieprogramevaluering. Programansvarleg og dekan har ansvar for å samanfatte ein rapport som skal handsamast i avdelingsrådet. Utdanningsutvalet skal ha rapporten til orientering.

Sjå meir informasjon om periodisk studieprogramevaluering her

Evaluering av emne (emnerapport)

Emneansvarleg skriv ein kort rapport for kvart emne og sender den til programansvarleg for programmet emnet høyrer til. Emnerapportane kan leggast fram i kvalitetsutvala på studieprogramnivå. Rapporteringa følgjer studieåret.

Sjå retningsliner og mal for emnerapport her.

Evaluering av studieprogram (programrapport)

Programansvarleg skriv ein programrapport for sitt studieprogram (jf. Evaluering av studieprogram). Rapporten skal sendast til dekan og vere med i grunnlaget for avdelinga sin kvalitetsrapport.

Sjå retningsliner og mal for programrapport her.

Kvalitetsutvalsreferat

Det skal skrivast referat frå møte i kvalitetsutval som skal publiserast for studentar og fagtilsette i Canvas.

Sjå mal for referat frå kvalitetsutvalsmøte her.

Sjå retningsliner for kvalitetsutval her.

Sensorrapport

Ved ekstern sensur skal den eksterne sensoren utarbeide ein sensorrapport som skal sendast til emneansvarleg. Sensorrapporten skal innehalde fråsegn om sensorrettleiing, eventuell evaluering av vurderingsordninga i emnet og fråsegn om eksamensoppgåvene til eksamenen/-ane. Sensorrapporten skal gi ei vurdering av eksamensoppgåvene i høve til læringsutbyttet for emnet.

Sjå mal for sensorrapport her.

Studiebarometeret

Programansvarleg/studieleiar analyserer resultata i Studiebarometeret for sitt studieprogram. Resultata skal leggast fram for studentane og i kvalitetsutvalet på studieprogramnivå. Resultata skal vere ein del av grunnlaget for programrapporten.

Avdelingsvise rapportar om studiekvalitet

Kvar dekan utarbeider for kvart studieår ein rapport om studiekvalitet på grunnlag av programrapportane. Rapporten følgjer studieåret og skal – etter handsaming i avdelingsrådet – sendast til studiedirektør innan 1. oktober.

Dei avdelingsvise rapportane skal:

  • Gi ei overordna vurdering av kvaliteten i undervisninga og utdanningstilbodet ved avdelinga, og eit oversyn over resultat og tiltak i kvalitetsarbeidet
  • Gi ei vurdering av kvalitetsarbeidet med grunnlag i dei fem hovudelementa i kvalitetssystemet
  • Identifisere eventuelle problem som avdelinga ikkje kan løyse åleine

Sjå retningsliner og mal for avdelingsrapport her.

Årsrapport for studiekvalitet

Utdanningsutvalet utarbeidar ein årsrapport om studiekvalitet på grunnlag av:

  • Avdelingsvise rapportar om kvalitetsarbeidet
  • Oppsummering av studiestartundersøkinga
  • Statistikk frå målområda rekrutterings-, informasjons- og studentmottaks-, ramme-, program-, resultat- og relevanskvalitet
  • Resultata frå studiebarometeret for HVO

Årsrapporten skal gi ei samla og overordna evaluering av studiekvaliteten ved institusjonen, og gi eit oversyn over opplegg og tiltak i kvalitetsarbeidet.
Årsrapporten skal innehalde framlegg om forbetringstiltak og prioritering av ressursar til dei framlagde tiltaka, og korleis desse skal følgjast opp.

Årsrapporten følgjer studieåret. Den skal leggast fram for Høgskulestyret tidsnok til at resultata i rapporten kan innarbeidast i budsjettet og årsplanane for komande år.