Eg er student på PPU

I praksisperioden skal studenten ta over undervisninga i 8-12 undervisningsøkter på 45 min (omlag 6-9 klokketimar) i veka. Du skal som hovudregel undervise i dei faga du har undervisningskompetanse i.

  • Studenten leverer plan for praksis i Canvas i løpet av første praksisveke.
  • Alle undervisningsøkter skal planleggast skriftleg, og planar skal leverast til praksislærar før undervisninga /rettleiinga. Lenke til planleggingsskjema finn du lenger ned på denne sida under "skjema til bruk i praksis".
  • Praksisperioden skal vere veileda og vurdert. Det betyr at praksislærar skal vere med i alle studenten sine timar.
  • Studenten skal møte godt budd, både til undervisningsøkter, rettleiing og andre møter ved skulen.
  • I løpet av praksisperioden vil studenten få tildelt ein faglærar som skal kome på besøk i praksis for ein prat og for å observere studenten i praksis. Når faglærar er tildelt tek studenten kontakt og avtaler tidspunkt direkte med faglæraren.
  • Studenten leverer sluttvurdering i Canvas etter endt praksisperiode. Sluttvurderinga ligg i hovudsak til grunn for praksisansvarlig si vurdering av om studenten for karakteren Bestått/Ikke bestått. Retningslinjene for PPU gir vidare anvisning der det er tvil om studenten skal bestå emnet. Lenke til sluttvurderingsskjema finn du lenger ned på denne sida under "skjema til bruk i praksis".

I praksisperioden skal du som praksisstudent fylgje læraren og skulen si arbeidstidsorganisering. Det vil i utgangspunktet si fulle arbeidsdagar ei heil arbeidsuke. Det er forventa at du aktivt søker å etablere positiv kontakt mellom deg og praksislærar. Sjå deg sjølv som ein del av kollegiet ved skulen og ta ansvar i møte med fellesoppgåver og overfor enkeltelevar.

Dersom det er manglar eller noko som er uklårt ved praksisopphaldet bør studenten straks ta kontakt med praksisansvarleg ved HVO.

Sist, men ikkje minst vonar vi at praksis vil vere spennande, kjekt og utfordrande på same tid, - og at det gjev ein smakebit på den fantastiske lærarkvardagen!

Skjema til bruk i praksis

Avtale om rettleiapraksis

Planleggingsdokument

Praksisrapport

 

PPU Yrkesfag:

Avtaleskjema for ungdomsskulepraksis for PPU-Y

Sluttrapport for ungdomsskulepraksis for PPU-Y

Observasjonspraksis

Målet med observasjonspraksis:

  • På PPU har alle studentar 2 dagar observasjonspraksis i praksisemne 1. Desse dagane skal studentane observere lærarar i undervisningssituasjonar. Målet med praksisen er å få betre kjennskap til lærarrolla og ellers førebu studentane til undervisningspraksisen. Observasjonspraksisen skal vere ei øving i observasjon som metode, slik at studentane seinare kan bruke dette for å forbetre eigen praksis.

Gjennomføring:

  • Studentane følgjer ei klasse/elevgruppe på skulen i ulike fag gjennom to heile dagar (dei skal altså ikkje følge same lærar i alle timane).
  • Observasjonen blir gjennomført i grupper som blir sett opp av praksiskontoret ved HVO.
  • For deltidsstudentar som bur langt frå andre studentar kan observasjonen gjennomførast individuelt etter avtale med praksiskontoret. For å sikre fleksibilitet gjer deltidsstudentar sjølve avtaler med skular og lærarar om observasjon, men rektor/praksisansvarleg ved skulen sender en mail til praksisansvarleg ved HVO om kven som skal ha observasjonspraksis hjå dei. 
  • For studentar på PPUA skal observasjonen vere på 5.-13. trinn. For studentar på PPUY skal observasjonspraksisen vere på yrkesfag på vidaregåande.

Arbeidskrav:

  • I pedagogikkemne 1 ligg det eit arbeidskrav knytt til denne observasjonen.
  • I didaktikkemne 1 blir observasjonane brukte som grunnlag for refleksjon og diskusjon i undervisinga. 
10 dagars praksis på ungdomsskule

PPU yrkesfagsstudentar skal ha 10 dagars praksis på ungdomsskule. I løpet av desse dagane skal du observere undervisninga, men om det er greit for deg og praksislærar kan du gjerne prøve å undervise noko også. Du blir sjølv enig med praksislærar kva for fag du skal delta i, men det vil vere ein stor fordel om de finn fag som passar med din fagbakgrunn.

I dei nasjonale retningslinjene for PPUY står det:

Hensikten med denne praksisen er todelt, for det første skal studentene bli kjent med utdanningstrinnet, dens egenart, elevene og deres kultur. Dette skal bidra til at studentene får erfaringsbasert kunnskap om overgangen mellom skolenivåene og blir bedre rustet til å kjenne til og forså elevmangfoldet. For det andre skal skolen og andre samarbeidspartnere kunne benytte seg av yrkesfaglærerkompetansen som en nødvendig og relevant kompetanse inn mot skolens fag, herunder også valgfag og utdanningsvalg.

Her finn du avtaleskjema som skal fyllast inn før start på praksisperioden og sluttraport som skal fyllast ut av praksislærar etter utført praksisperiode.

Avtaleskjema for ungdomsskulepraksis for PPU-Y

Sluttrapport for ungdomsskulepraksis PPUY

Merk at lønsutbetalinga for 10 dagars ungdomsskulepraksis er annleis enn vanlig praksis. Meir informasjon om det under lønsinformasjon praksislærar PPU

Refusjon av reisekostnader

Eigendel
Prinsippet for dekking av reiseutgifter er at studenten skal få tilskot til meirutgifter ved reiser i praksisperiodane. Eigendel på reisekostnader er kr 70,- per dag. Ved avtalt bruk av privatbil skal passasjerane betale ein halv eigendel per dag til sjåfør.

Daglege reiseutgifter i praksisperiodane
Studentane kan få dekka meirutgifter, høgare enn eigendelen, til buss, privatbil og ferje til praksisstaden. Studentane får dekka kostnader til den rimelegaste reisemåten, og dei skal nytte rabattordningar. Når offentleg transport ikkje kan nyttast, t.d. dersom det er dårleg eller manglande bussamband, skal det gjerast avtale om løyve til å bruke eigen bil før praksisperioden tek til. Denne avtalen skal studentane lage med praksiskoordinator ved utdanninga. Ved bruk av privatbil skal studentane så langt som råd køyre samla i ein bil. Taksten for reise til og frå er kr 2.50 per km + kr 0,25 per km for kvar passasjer.

Skjema

Reiserekning ved bruk av offentleg transport
Reiserekning ved bruk av eigen bil

Studentane fyller ut skjema og leverer til praksiskoordinator seinast ei veke etter praksis er avslutta.

Emneplanar praksis

PPU-PRA1 Praksis 1

PPU-PRA2 Praksis 2

PPUD-PRA1 Praksis 1

PPUD-PRA2 Praksis 2

PPUY-PRA1 Praksis 1

PPUY-PRA2 Praksis 2

Skikkavurdering

Informasjon om skikkavurdering ved HVO

Kontakt

Har du fleire spørsmål om PPU er du velkomen til å ta kontakt med ein av oss; 
Kathrine Skarseth, studieleiar, epost kathrine.skarseth@hivolda.no tlf 70 07 51 29
Torstein Drabløs, praksiskoordinator, epost torstein.drablos@hivolda.no  tlf 70 07 53 52