Velkommen til norsk medieforskarkonferanse 2024 - Ålesund 17.-18. oktober

Årets norske medieforskarkonferanse handlar om medieforskarrolla i ei digital tid. Blir medieforskarrolla endra når digitale medium og nye teknologiar er gjenstand for forsking?  Kva rolle spelar digitaliseringsaspektet for praksisar, publikum, samfunn og demokrati?

Ålesund

Fakta om konferansen

Når

17.-18. oktober 2024

Stad

Scandic Parken, Ålesund
Booking: Den enkelte må ringe Scandic Parken Ålesund: Tlf. 701 32300 mellom kl. 08-16
Oppgi kode BHOE161024 
Redusert pris er utvidet til 15. september
Ved å nytte koda blir pris for rom inkl. frokost NOK 1395,00 

Har du spørsmål

Send epost

Konferansen arrangeres av Avdeling for mediefag. Foto: Tone Solhaug

Påmelding

Påmelding til konferansen

Er du medlem av Medieforskerlaget kostar konferansen 3 200 kr ved påmelding før 1. juli 2024. Dette dekker deltaking på alle arrangement i regi av Medieforskerkonferansen, inkludert lunsj begge dager og festmiddag torsdag 17.oktober. 
Om du er medlem av Medieforskerlaget og melder deg på etter 1. juli 2024 kostar det 3 500 kr. 
For ikkje-medlemmer av Medieforskerlaget kostar konferansen 3 500 kr før 1. juli og 4 000 kr etter 1. juli. 

Masterstudentar som vil delta med paper, deltek gratis dersom dei er medlem av Medieforskerlaget.
Festmiddagen (valfri) må studentane betale sjølve. 
Påmelding for studentar: kristine.saevik.bjorneset@hivolda.no

Om konferansen

Konferansetema: Medieforskarrolla i ei digital tid

Tema for norsk medieforskarkonferanse 2024 er rolla som medieforskar i vår digitale tid. Spørsmålet er om nye digitale medium og den nye medieteknologien også er i ferd med endre sjølve rolla som medieforskar? Dette spørsmålet gjeld på tvers av alle fagfelta som medieforskinga omfattar i dag, men som kanskje ikkje blir diskuterte eksplisitt eller reflektert over.

Medieforskinga har tidlegare diskutert kva rolle digitaliseringsaspektet har for praksisar, publikum, samfunnet og demokratiet. Men kva for rolle eller ansvar har medieforskaren i dette landskapet? Svaret er sjølvsagt samansett. Sentrale spørsmål kan vere om det er ei rolle i endring, om rolla har blitt meir fragmentert, meir eller mindre kritisk, og korleis vi medieforskarar blir oppfatta av borgarane? Korleis bør vi kommunisere innsikta frå fagfeltet vårt, og på kva arenaer bør vi vere synlege? Kva for samfunnsoppdrag har medieforskarane, og korleis bør ein leggje til rette for og lære opp yngre forskarar i dette oppdraget?

Medieforskarlaget inviterer difor til innspel, refleksjon og debatt om dette temaet – slik at vi kan setje kvarandre i stand til å møte den teknologiske utviklinga i faget vårt på ein gjennomtenkt og reflektert måte.

Vi inviterer alle interesserte til å sende inn samandrag/abstract. Send samandraget til leiaren for den arbeidsgruppa du er interessert i å ta del i.

Liste over arbeidsgrupper med namn og e-post til gruppeleiarar finn du under fana «Abstracts og papers» under her: 

Konferansen arrangeres på oppdrag fra Norsk medieforskerlag.

Viktige datoar:

13. mai  --> Frist for innsending av abstracts 

7. juni --> Frist tilbakemelding på abstract

23. sept. --> Frist for innsending av (fullt) paper

Påmeldingsfristar:

1. juli --> Frist for early-bird registrering

8. oktober --> Frist for påmelding til konferansen.

17-18. okt. --> Konferansen arrangerast på Scandic Parken