Idrettstudentar på skikurs på Hafjell

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

bf5306ab2b7f351d998fb0b6e945a4a9
Studentane på Fordjuping Idrett etter avslutningsrennet i storslalåm. Foto: Frode Sætre.

Emnet, som er ein del av bachelor i Idrett, omhandlar ski som idretts- og kroppsøvingsaktivitet. Viktige delar av emnet er begynnaropplæring, grunnleggande skiteknikk i skihopp, telemark og alpint. I tillegg får studentane innblikk i konkurransemessig teknikk i alpint og telemark, skihistorie, skiutstyr, trenings- og bevegelseslære, fagdidaktikk og tilpassa opplæring. Alpint og telemark vert brukt som demonstransjonsidrettar for studentane, på korleis ein kan jobbe med idrett på fordjupingsnivå.

I veke 12 hadde dei 20 studentane samling på Hafjell, der dei fekk undervisning i alpint. Det var fokus på leik på alpine ski, grunnleggjande teknikk, hjelpeøvingar og alpint som konkurranseidrett. Når det gjeld alpint som konkurranseidrett får studentane innblikk i dei ulike alpindisiplinane. Dette er nødvendig då studentane, i tillegg til 15 studiepoeng i høgskulesystemet, får godkjent Norges Skiforbund sin trenarkompetanse. Dette er eit prakteksempel på korleis ein kan kombinere høgre utdanning og utdanning innanfor den frivillig organisert idretten, seier Frode Sætre.

Ansvarlege for emnet er høgskulelektor Arnfinn Haug og førstelektor Frode Sætre.

 

Del på