Barnehagelærarutdanning
Studiet skal utdanne fagleg dyktige og reflekterte barnehagelærarar. Utdanninga legg vekt på samspel mellom høg fagleg, didaktisk og sosial kompetanse saman med evne til profesjonsetisk refleksjon i pedagogisk arbeid med barn i barnehagen. Pedagogisk leiing er ein sentral del av barnehagelæraryrket. Ei målsetjing gjennom heile studiet er å utdanne barnehagelærarar med kompetanse i leiing av barnegrupper og personalgrupper. Eit overordna, gjennomgåande tema er profesjonell identitet. Andre gjennomgåande tema er dei yngste barna i barnehagen og barns rett til medverknad og mangfald.
Utdanninga kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage og med barn på tilsvarande alderssteg i andre institusjonar. Studiet gir bachelorgrad og grunnlag for opptak til mastergradsstudium.
Studieplanen byggjer på Nasjonal forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanninga med nasjonale retningslinjer fastsett 4. juni 2012 av Kunnskapsdepartementet med heimel i Lov om universitet og høgskoler av 1. april 2005. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-06-04-475
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Kandidaten
- har kunnskap om barnehagen i Noreg, mellom anna barnehagens eigenart, historie, samfunnsmandat, lovgrunnlag og styringsdokument.
- har brei kunnskap i pedagogikk og om barnehagens fagområde, om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid, og om barns leik og læringsprosessar.
- har brei kunnskap om korleis barns danning skjer, om moderne barndom, barnekultur, barns ulike oppvekstvilkår, bakgrunn og utvikling i eit samfunn prega av språkleg, sosialt, religiøst, livssynsmessig og kulturelt mangfald.
- har brei kunnskap om barns språkutvikling og fleirspråklegheit, om sosial, fysisk og skapande utvikling, og om gryande digitale -, lese-, skrive- og matematikkferdigheiter.
- har brei kunnskap om barns rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremjande og lærande barnehagemiljø.
- kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehagelærarprofesjonen, og kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet.
Kandidaten
- kan bruke fagkompetansen sin og relevante resultat frå FoU til å leie og legge til rette for barns leik, undring, læring og utvikling og til å grunngje vala sine.
- kan vurdere, stimulere og støtte ulike barns allsidige utvikling i samarbeid med heimen og andre relevante instansar.
- kan bruke fagkompetansen sin til improvisasjon i leik, læring og formidling.
- kan vurdere, stimulere og støtte barns ulike evner, og ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader.
- kan fremje kreative prosessar og kultur- og naturopplevingar, med fokus på barns skapande aktivitet, heilskapleg læring og oppleving av meistring.
- kan nytte relevante faglege verktøy, strategiar og uttrykksformer i eigne læringsprosessar, i pedagogisk arbeid, i samhandling med heimen og relevante eksterne instansar.
- kan identifisere særskilte behov hos enkeltbarn, og med bakgrunn i faglege vurderingar raskt kunne sette i verk tiltak.
- kan leie og rettleie medarbeidarar, reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing.
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
Kandidaten:
- har innsikt i profesjonsetiske problemstillingar, særleg knytt til ansvar, respekt og maktperspektiv.
- kan planlegge, leie, gjennomføre, dokumentere og reflektere over pedagogisk arbeid knytt til barnehagens innhald og oppgåver i tråd med etiske krav og retningsliner, og med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
- meistrar norsk språk, både bokmål og nynorsk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
- kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiv, prega av respekt og toleranse, inn i barnehagens arbeid.
- har endrings- og utviklingskompetanse, kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking og innovasjonsprosessar for framtidas barnehage.
- kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanninga sine ulike fagområde og dele kunnskapar og erfaringar.
Barnehagelærarutdanninga er eit 3-årig bachelorgradsstudium på 180 studiepoeng.
Utdanninga sitt innhald er strukturert i seks kunnskapsområde, saman med ei fordjuping og ei bacheloroppgåve. Dei to første åra er bygt opp einskapleg nasjonalt, noko som gjer det mogleg for studentar å søkje seg over til andre utdanningsinstitusjonar etter andre studieår.
Alle kunnskapsområda skal vere profesjonsretta, og skal integrere relevant pedagogisk, fagleg og didaktisk kunnskap som er tilpassa barnehagen sine fagområde.
Pedagogikk er eit sentralt og samanbindande fag som inngår i alle kunnskapsområde og har eit særleg ansvar for progresjon og profesjonsretting av utdanninga.
I utdanninga inngår rettleia og vurdert praksisopplæring, integrert i alle kunnskapsområde. Praksisopplæringa omfattar 100 dagar. 75 dagar er lagt til dei to første studieåra og 25 dagar til siste studieår.
Gjennomgåande tema i alle tre studieåra er:
- Profesjonell identitet
- Leiing
- Mangfald
- Dei yngste barna i barnehagen
- Barns rett til medverknad
Kunnskapsområda “Barns utvikling, leik og læring”, “Samfunn, religion, livssyn og etikk”, “Natur, helse og rørsle”, “Kunst kultur og kreativitet” og “Språk, tekst og matematikk” har etter Rammeplanen fått 20 studiepoeng. Institusjonane skal forsterke eit eller to kunnskapsområde med tilsaman 20 studiepoeng. Høgskulen i Volda har valt å forsterke “ Barns utvikling, leik og læring” og “Språk, tekst og matematikk” med 10 studiepoeng kvar.
I 3.studieår skal studenten velje ei fordjuping, og ved Høgskulen i Volda kan studenten velje fordjuping i «Estetiske fag» som bygger på kunnskapsområde Kunst, kultur og kreativitet, «Barn, natur og friluftsliv" som bygger på kunnskapsområde Natur, helse og rørsle, eller "Mangfald og meistring" som er ei fordjuping som bygger på kunnskapområda Barns utvikling, leik og læring og Språk tekst og matematikk.
Barnehagelærarutdanninga gjennomfører dei ulike kunnskapsområda parallelt i 1. og 2. studieår. I 3. studieår vert det undervist parallelt i BLULSU - Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid i barnehagen og BLUBA - skriving av bacheloroppgåve. Fordjuping og internasjonalt semester er lagt til 6. semester.
Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Det blir forventa at studentane møter opp til undervisning og at dei er tilgjengelege for medstudentar i samband med basisgruppearbeid, også utanom den timeplanlagde studietida. Nokre emne har heilt eller delvis obligatorisk frammøte. Sjå den einskilde emneplan. Viser òg til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20090305-0289.html
For å kunne framstille seg til eksamen må studenten ha gjennomført og fått godkjende alle arbeidskrav. Desse er omtala i den einskilde emneplanen, og kan vere:
- obligatoriske faglege oppgåver
- obligatorisk frammøte og deltaking
Arbeidskrav og eksamen
Det er to forsøk på obligatoriske arbeidskrav og interne prøver. Dette er i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda . Alle arbeidskrav har vurderingsuttrykk Godkjent/Ikkje godkjent.
Emna har ulike og varierte eksamensformer. Alle emne har karakter på vitnemålet. Nærare opplysningar om grunnlaget for karakteren finn du i den einskilde emneplanen.
Studentar som søkjer innpassing av fag vert vurdert etter gjeldande retningsliner.
Emne | 2016 Haust | 2017 Vår | 2017 Haust | 2018 Vår | 2018 Haust | 2019 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
15 | ||||||
7.5 | 12.5 | |||||
7.5 | 12.5 | |||||
* | * | |||||
5 | 10 | |||||
10 | 10 | |||||
10 | 20 | |||||
* | * | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
* | ||||||
Valfrie fordjupingar 3. studieår | 30 | |||||
30 | ||||||
30 | ||||||
30 | ||||||
Internasjonalisering | 30 | |||||
* | ||||||
Sum (150 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 0 |
Å vera skikka som barnehagelærar
Utdanningsinstitusjonen har ansvar for å vurdere om ein student er skikka for yrket. Skikkavurdering legg til grunn ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege, pedagogiske og personlege føresetnader. Utskriving av vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert skikka for yrket. Høgskulen har eige reglement for dette: http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060630-0859.html
Praksisopplæringa skal vere rettleia, variert og vurdert og vere ein integrert del av alle kunnskapsområda og fordjupingseiningane.
Variert praksis inneber at studenten får erfaring med ulike sider av barnehagelæraryrket i eit barnehagefelt prega av endring, mangfald og kompleksitet. Studentane skal få høve til å vere både deltakande, utforskande og observerande i pedagogisk verksemd i barnehagen. Studentane skal få erfaring med pedagogisk arbeid med barn med ulike føresetnader og behov, og i ulike aldersgrupper. Studentane skal få variert praksis som omfattar planlegging og gjennomføring av læringsprosessar, pedagogisk leiing, samarbeid med kollegaer og foreldre, dokumentasjon og vurdering. Studentane skal få trening i å reflektere kritisk over eigen praksis og etablerte praksisar i barnehagen.
Høgskulen har avtalar med eigarar av barnehagane om gjennomføring av praksisopplæringa. Den enkelte praksisbarnehage har, saman med fagmiljøa og leiinga for barnehagelærarutdanninga på høgskulen, ansvar for å legge til rette praksisopplæringa. Heile barnehagen er praksisarena for studentane. Styrar har det overordna ansvar for praksisopplæringa og praksislærar har hovudansvar for rettleiing og vurdering av den enkelte student, i samarbeid med studenten sin faglærar i praksis. Alle kunnskapsområda er ansvarlege for å følgje opp studenten i praksis. Utdanningssamtalane skal ta utgangspunkt i studenten sine erfaringar frå praksisfeltet og også nytte desse erfaringane som ressurs i arbeidet med kunnskapsområda. Høgskulen skal syte for at studentane sine erfaringar og problemstillingar frå praksis vert integrerte i teoretiske og faglege perspektiv i dei einskilde kunnskapsområda. Dette skal bidra til å gje studentane erfarings- og forskingsbasert grunnlag for yrkesutøvinga.
Praksis er ein obligatorisk del i alle åra i barnehagelærarutdanninga. Det er obligatorisk frammøte til all praksis, praksisførebuing og etterarbeid. Dette gjeld også møta med praksislærar i tilknyting til praksisperiodane og til teoriundervisning, planlegging og etterarbeid knytt til praksisoppgåva. Om ein student har meir enn 10 % fråvær frå praksis, må studenten ta att dagar slik at studenten får minimum 90 % frammøte i praksis. Dette skjer etter avtale med praksislærar og praksiskoordinator.
Praksislærar skal gje kvar student munnleg og skriftleg rettleiande vurdering av arbeidet undervegs. Studenten skal vurderast etter fullført praksisopplæring kvart studieår, og karakteruttrykket er Stått / Ikkje stått. Praksislærar har hovudansvaret og faglærar tek del i vurderinga under fagmøte i praksis, I situasjonar der det oppstår tvil, skal vurderinga skje i samråd med styrar, studieleiar og praksiskoordinator og faglærar i praksis. Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering. Jmf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20060630-0859.html
Vilkår for å gå ut i praksis:
• Levert teiepliktskjema
• Godkjent frammøte til all praksisførebuing
• Godkjende krav frå føregåande praksis
Vilkår for å ta til på neste studieår: Stått praksis frå året før.
Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis, har han høve til å gjennomføre eitt nytt forsøk, og dette vert forsøkt gjennomført så snart som råd. Studenten får særskilt rettleiing av ein annan praksislærar på dei områda der han har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også denne gongen, må han avbryte studiet.
Viser til meir utfyllande informasjon i emneplan for praksis, BLUPRA 1.-3.
Studentane får tilbod om å vere med på studietur til London i det obligatoriske emne Samfunn, religion, livssyn og etikk. Det er også ein studietur til utlandet i fordjupingdeininga Estetiske fag og Mangfald og meistring. Studieturane har eit omfang på omlag ei veke.
Det er lagt til rette for at studenten kan velje eit semester i utlandet i 6. semester. Det internasjonale semesteret kjem i staden for fordjupingseining. Barnehagelærarutdanninga tilrår studentane å reise til Stranmillis University College (SUC) i Belfast.
Nokre kunnskapsområde krev ei materialavgift, og nokre legg delar av undervisninga til miljø utanfor høgskulen. Studentane må difor rekne med kostnader til dette.
Tiltak for å sikre og utvikle kvalitet i studiet: Individuelle utdanningsplanar med påfølgjande utdanningssamtalar leia av basisgruppeleiar. Fast studentrepresentasjon (tillitsvalde) i årsstegsgruppene der evaluering av studiet er tema. Fast representasjon frå praksisbarnehagane i årsstegsgruppene for vidareutvikling og samspel mellom dei to læringsarenaene. Fagutval knytt til kvart emne (jfr. eigne retningsliner). Rettleiing og oppfølging i fag og praksis v/ basisgruppeleiar. Årlege eller semestervise digitale spørjeskjema knytt til studium og emne. Faste møte mellom tillitsvalde og studieleiar. Semestervise møte mellom barnehagestyrarane i praksisbarnehagane og leiinga av førskulelærarutdanninga. Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssytem.