See list of study plans starting on:

Engelsk (5-10) - vidareutdanning for lærarar

Studieprogram: 
Engelsk (5-10) - videreutdanning for lærarar
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar,- eller praktisk pedagogisk utdanning)

Om studiet

Engelsk for lærarar 5-10 (vidareutdanning) gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.-10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar innan ulike genrar og til ulike formål står sentralt i studiet. I tillegg omfattar studiet kunnskap om kultur i engelskspråklege land.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

• Studenten har kunnskap om engelsk språksystem når det gjeld grammatikk, ordforråd og uttale, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk språksystem
• Studenten har kunnskap sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
• Studenten har noko kunnskap om variantar av engelsk og engelsk som internasjonalt kommunikasjonsspråk
• Studenten har kunnskap om barn og unge si språklæring i eit andrespråksperspektiv, og om korleis ein kan fremje denne
• Studenten har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
• Studenten har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene
• Studenten kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
• Studenten kjenner nokre trekk ved kultur, samfunnsliv og historie i engelsktalande land.

Ferdigheiter

• Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar.

Studenten kan formidle relevant fagstoff på ein måte som er tilpassa målgruppa
• Studenten kan kritisk analysere litterære tekstar og kulturelle dokument.
• Studenten kan bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar.

Generell kompetanse

• Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
• Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er samansett av to emne, kvart på 30 stp.: Engelsk for lærarar 5-10 (vidareutdanning)1 og Engelsk for lærarar 5-10 (vidareutdanning)2. Kvart emne går over eitt år. Emne 2 bygger på emne 1.

Obligatorisk undervisning, arbeidskrav og eksamen:

Undervisninga i studiet er obligatorisk.

For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt, og studenten må ha tilstrekkeleg frammøte i emnet. Eksamen i emne 1 må vere bestått før studenten kan ta eksamen i emne 2.

Engelsk (5-10) - vidareutdanning for lærarar
Navn: 
Engelsk (5-10) - vidareutdanning for lærarar
Emne2016 Haust2017 Vår2017 Haust2018 Vår
1515
1515
Kvart av emna har undervisning både haust og vår med eksamen i vårsemesteret. Ein må ha fullført Engelsk 1 for å få opptak til Engelsk 2.
Praksis

Då inntak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.

Anna
Obligatorisk undervisning, arbeidskrav og eksamen:Undervisninga i studiet er obligatorisk.For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt, og studenten må ha tilstrekkeleg frammøte i emnet. Eksamen i emne 1 må vere bestått før studenten kan ta eksamen i emne 2..
Evaluering og kvalitetssikring

Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Ansvarleg
åsa