See list of study plans starting on:

Grunnleggande innføring i leiing

Studieprogram: 
Grunnleggande innføring i leiing
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studiet er todelt. Første del gir ei grunnleggande innføring i sentrale spørsmål knytt til leiing av medarbeidarar med fokus på kommunikasjon, motivering, samhandling, leiarroller og konflikthandtering. I andre del er søkelyset retta mot medarbeidarskap, sjølvleiing, førebygging av konfliktar og utvikling av velfungerande arbeidsgrupper.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om og forståing av grunnleggande tema og problemstillingar knytt til leiing og til leiarar sin situasjon i verksemder. 

Ferdigheiter

Studenten har ferdigheiter til å reflektere fagleg rundt sentrale spørsmål og problemstillingar knytt til leiing av medarbeidarar, og kritisk kunne vurdere si eiga rolle som leiar.

Generell kompetanse

Studenten kan vurdere praktiske problemstillingar ein møter som leiar ut frå ulike synsvinklar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike handlingsalternativ.

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet vert tilbode i samarbeid med eksterne aktørar. Undervisninga går over to semester, med 8 samlingar på 3 timar i kvart av semestera. I tillegg til førelesingar blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.

Grunnleggande innføring i leiing
Navn: 
Grunnleggande innføring i leiing
Emne2016 Haust2017 Vår
7.57.5
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Magnar Hjertenæs, e-post: mh@hivolda.no, tlf.: 70 07 51 03