See list of study plans starting on:

Forvaltningsarbeid, nettstudium

Studieprogram: 
Planlegging og administrasjon, einskildemne (avgiftsbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Studiet skal gi folk som driv med sakshandsaming eit vidare perspektiv og ei vidare kvalifisering i yrkeskarrieren. Studiet gir ei kort innføring i:

  • Offentleg forvaltning - prosessar og strukturar.
  • Styring, kontroll, omstilling.
  • Brukarorientering.
  • Styringsmåtar i offentleg forvaltning.
  • Økonomistyring og personaladministrasjon.
  • Offentligrettslige emne (forvaltningsloven og arbeidsrett)

Studiet er frittståande, men kan etter nærare søknad inngå som ein valfri del av bachelorstudiet i planlegging og administrasjon. I kombinasjon med andre emne i bachelorstudiet er forvaltningsarbeid med på å komplettere ei utdanning som kan forsyne norsk offentleg forvaltning med allsidig utdanna sakshandsamarar, planleggjarar og leiarar.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten·har kunnskap om

  • viktige funksjonar i offentleg forvaltning· og korleis forvaltninga er organisert
  • viktige forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar
  • viktige trekk ved samfunnsvitskapleg og juridisk tenkemåte 
Ferdigheiter

Studenten kan 

  • gjere greie for sentrale element ved norsk forvaltning og vere i stand til å nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til forvaltninga· 
  • reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Generell kompetanse

Studenten kan vise evne til refleksjon og kritisk tenking knytt til sentrale problemstillingar i forvaltninga.

Organisering og arbeidsmåtar
  • Nettleksjonar. 
  • Streaming av enkelte forelesingar.
  • Tilbod om rettleiing på arbeidskrav. 
  • Diskusjonsforum på nettet.

Det elektroniske klasserommet Fronter vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon. Studiet startar med ei innføring i bruken av Fronter. Studiet føreset at studenten er aktiv på Fronter.

Forvaltningsarbeid, nettstudium
Navn: 
Forvaltningsarbeid, nettstudium
Emne2016 Haust
15
Kostnader

Kr 4.000,-

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Håkon Bø, tlf. 70075168, hbo@hivolda.no