Forvaltningsarbeid, nettstudium
Studieprogram:
Planlegging og administrasjon, einskildemne (avgiftsbasert)
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
15
Studielengd:
1 semester
Kull:
2018
Studieplassar:
50
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Om studiet
Studiet skal gi folk som driv med sakshandsaming eit vidare perspektiv og ei vidare kvalifisering i yrkeskarrieren. Studiet gir ei kort innføring i:
- offentleg forvaltning - prosessar og strukturar
- syring, kontroll, omstilling
- brukarorientering
- styringsmåtar i offentleg forvaltning
- økonomistyring og personaladministrasjon
- offentligrettslege emne (forvaltningsloven og arbeidsrett)
Læringsutbytte
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kunnskapar
Studenten·skal ha kunnskap om
- viktige funksjonar i offentleg forvaltning· og korleis forvaltninga er organisert
- viktige forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar
- viktige trekk ved samfunnsvitskapleg og juridisk tenkemåte
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- gjere greie for sentrale element ved norsk forvaltning og vere i stand til å nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til forvaltninga·
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Generell kompetanse
Studenten skal kunne vise evne til refleksjon og kritisk tenking knytt til sentrale problemstillingar i forvaltninga.
Organisering og arbeidsmåtar
- Nettleksjonar.
- Streaming av enkelte forelesingar.
- Tilbod om rettleiing på arbeidskrav.
- Diskusjonsforum på nettet.
Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon. Studiet føreset at studenten er aktiv på Canvas.
Forvaltningsarbeid, nettstudium
Navn:
Forvaltningsarbeid, nettstudium
Emne | 2018 Haust |
---|---|
15 | |
Sum (15 total) | 15 |
Kostnader
Kr 4.000,-
Evaluering og kvalitetssikring
Ansvarleg
Håkon Bø, tlf. 70075168, hbo@hivolda.no