See list of study plans starting on:

Rettleiings- og mentorutdanning 1 B

Studieprogram: 
Rettleiings- og mentorutdanning 1B
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Studentane må ha godkjent førskulelærar- eller lærarutdanning og vere i arbeid som førskulelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring. Opptak føreset minimum tre års erfaring frå arbeid i skule eller barnehage. 

Om studiet

Målgruppa for studiet er førskulelærarar og lærarar som skal vere mentorar for nyutdanna kollegaer og praksislærarar i skule, vidaregåande opplæring og barnehage. Stortingsmeldingane nr. 11 (2008-2009) Læreren. Rollen og utdanningen og nr. 41 (2008-2009) Kvalitet i barnehagen presiserer behovet for auka rettleiingskompetanse ved at alle nyutdanna lærarar og førskulelærarar i grunnskule, vidaregåande opplæring og barnehage skal få tilbod om rettleiing. Vidare skal kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring styrkast mellom anna ved å gi alle øvingslærarar tilbod om opplæring i rettleiing. I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga (KD2010) og for ny barnehagelærarutdanning (KD2011) er det krav om at praksislærarar skal ha gjennomført vidareutdanning i praksisrettleiing på minimum 15 studiepoeng. Dette kravet vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. Rettleiingsutdanninga er eit bidrag til desse tiltaka. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter,relasjonskompetanse, evne til refleksjon og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, forsking knytt til rettleiing i nasjonalt og internasjonalt perspektiv, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om:

  • varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrket
  • korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del i utvikling av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i skule og barnehage
  • korleis ein kan inkludere nyutdanna i eit kritisk, reflekterande fellesskap i barnehage og skule
  • nyutdanna sine vilkår og utfordringar i skule og barnehage
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • bruke ulike rettleiingsstrategiar og -verkty
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
  • analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar
  • støtte og utfordre både studentar og nyutdanna, nytilsette lærarar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing med utgangspunkt i dei nyutdanna sine eigne problemstillingar 
Generell kompetanse

Generelt skal studenten:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
  • kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innafor fagområdet og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
Organisering og arbeidsmåtar

Det er eitt emne i studiet, som går over to semester.

Rettleiings- og mentorutdanning 1 B
Navn: 
Rettleiings- og mentorutdanning 1 B
Emne2016 Haust2017 Vår
7.57.5
Anna
Førskulelærarar og lærarar som har gjennomført 10 studiepoeng pedagogisk rettleiing etter 1998, kan få innpassa desse og fullføre det første emnet i utdanninga med 5 studiepoeng.Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar.
Evaluering og kvalitetssikring

På samlingane skjer det ei kontinuerleg evaluering av studiet knytt til mål og innhald. Det blir gjennomført evaluering etter kvar samling og ved slutten av studiet. Det skal vere ekstern sensur ved eksamen.

Ansvarleg
Gerd Sylvi Steinnes. T: 70075267 E: gerds@hivolda.no