Rettleiings- og mentorutdanning 1B
Målgruppa for studiet er lærarar som skal vere mentorar for nyutdanna kollegaer og praksislærarar i grunnskule og vidaregåande opplæring. Stortingsmeldingane nr. 11 (2008-2009) Læreren. Rollen og utdanningen presiserer behovet for auka rettleiingskompetanse ved at alle nyutdanna lærarar i grunnskule og vidaregåande opplæring skal få tilbod om rettleiing. Vidare skal kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring styrkast mellom anna ved å gi alle øvingslærarar tilbod om opplæring i rettleiing. I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga (KD2010) er det krav om at praksislærarar skal ha gjennomført vidareutdanning i praksisrettleiing på minimum 15 studiepoeng. Dette kravet vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. Rettleiingsutdanninga er eit bidrag til desse tiltaka. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter,relasjonskompetanse, evne til refleksjon og kritisk analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vil det verte lagt vekt på yrkesrolla som lærar, forsking knytt til rettleiing i nasjonalt og internasjonalt perspektiv, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
- etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrket
- korleis rettleiing kan bidra til å støtte studentar si profesjonslæring
- korleis rettleiing kan nyttast som ein viktig del i utvikling av lærarrolla og i kompetanseutviklingsarbeid i skulen
- korleis ein kan inkludere nyutdanna i eit kritisk, reflekterande fellesskap i skulen
Studenten skal kunne:
- bruke ulike rettleiingsstrategiar og -verkty
- planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiingsarbeid både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
- analysere og reflektere kritisk over eigen og andre sin praksis som rettleiar
- støtte og utfordre både studentar og nyutdanna, nytilsette lærarar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
Generelt skal studenten:
- kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar
- ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
- kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innafor fagområdet og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
Det er eitt emne i studiet, som går over to semester.
Studiet er organisert med samlingar i Volda:
15. og 16. august -H18
26. september - H18
24. oktober -H18
5. desember - H18
30. januar - V19
27. mars - V19
Emne | 2018 Haust | 2019 Vår |
---|---|---|
7.5 | 7.5 | |
Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |