See list of study plans starting on:

Inn i musikken

Studieprogram: 
Inn i musikken
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse. Det er tilrådd at studenten har noko vokal/instrumental praksis.

Om studiet

Vidareutdanninga Inn i musikken er eit halvårsstudiumgjev eit fagleg grunnlag i disiplinane musikkteori, arrangering, høyrelære, musikkorientering og utøving. Saman med halvårsstudiet Musikk i grunnskulen utgjer dette studiet Årsstudium i musikk. Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk eller kan inngå som valfri del i andre bachelorgradar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Studenten har grunnleggande kunnskap om musikkteori, høyrelære, musikkhistorie og spel på hovudinstrument og bruksklaver.

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • praktisk-teoretiske disiplinar i musikkfaget og om korleis desse kan nyttast i ulike samanhengar
  • musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlege kunstmusikken og populærmusikk, og norsk og samisk folkemusikk
  • musikkutøving og framføringspraksis  
Ferdigheiter

Studenten kan

  • formidle musikk og sentralt fagstoff i musikkfaget på varierte måtar
  • reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og formidling
  • tilrettelegge musikk for éin eller fleire utøvarar ved å nytte grunnleggande musikkteoretiske prinsipp
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av to emne kvart på 15 studiepoeng. 

Inn i musikken
Navn: 
Inn i musikken
Emne2016 Haust2017 Vår
15
15
Anna
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.