Inn i musikken
Vidareutdanninga Inn i musikken er eit halvårsstudiumgjev eit fagleg grunnlag i disiplinane musikkteori, arrangering, høyrelære, musikkorientering og utøving. Saman med halvårsstudiet Musikk i grunnskulen utgjer dette studiet Årsstudium i musikk. Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk eller kan inngå som valfri del i andre bachelorgradar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten har grunnleggande kunnskap om musikkteori, høyrelære, musikkhistorie og spel på hovudinstrument og bruksklaver.
Studenten har kunnskap om
- praktisk-teoretiske disiplinar i musikkfaget og om korleis desse kan nyttast i ulike samanhengar
- musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlege kunstmusikken og populærmusikk, og norsk og samisk folkemusikk
- musikkutøving og framføringspraksis
Studenten kan
- formidle musikk og sentralt fagstoff i musikkfaget på varierte måtar
- reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og formidling
- tilrettelegge musikk for éin eller fleire utøvarar ved å nytte grunnleggande musikkteoretiske prinsipp
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
Studiet består av to emne kvart på 15 studiepoeng.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.