Musikkundervisning for barn og unge
Vidareutdanninga Musikkundervisning for barn og unge er eit halvårsstudium som gjev eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, gjennomføre og evaluere ulike læringsprosessar og arbeidsmåtar i musikkfaget. Kandidaten skal utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikkfaget gjennom arbeid med fylgjande hovudområda: musikkutøving, lytting, komponering, didaktisk refleksjon og praksis. Praksis i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i studiet. Saman med halvårsstudiet Inn i musikken utgjer dette studiet Årsstudium i musikk. Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk eller kan inngå som valfri del i andre bachelorgradar. Med denne vidareutdanninga og eit anna 30 stp fag i tillegg til Grunnskulelærarutdanninga (GLU), vil du få kompetanse i skulen som adjunkt med opprykk. Dette er i samsvar med dagens avtaleverk for avlønning i skuleverket. Dei to emna er uavhengige av kvarandre, og kan takast i vilkårleg rekkefølge.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten kan reflektere rundt den estetiske dimensjonen ved musikkfaget, musikk som kulturuttrykk og samfunnsfenomen og kan noko om sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå.
Studenten har kunnskap om
- musikkfaget i ein brei fagleg kontekst, og om korleis faget kan praktiserast i ulike pedagogiske samanhengar
- gjeldande planverk for den norske grunnskulen, og særleg læringsmål og kompetansemål for musikkfaget
- musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
- digitale media og verkty for musikkundervisning
Studenten kan
- formidle musikk og sentralt fagstoff i musikkfaget på varierte måtar
- nytte ulike pedagogiske metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i grunnskulen og i andre samanhengar
- nytte og legge til rette for arbeid med digitale verkty i undervisninga
- planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre og treffe og grunngje faglege val
- reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og pedagogisk praksis
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
-
Emne | 2016 Haust | 2017 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Ei veke musikkdidaktisk praksis i grunnskulen inngår i studiet.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.