Engelsk 2 for 5.-10. årssteg (vidareutdanning for lærarar)
Engelsk for lærarar 5-10 (vidareutdanning) gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.-10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar innan ulike genrar og til ulike formål står sentralt i studiet. I tillegg omfattar studiet kunnskap om kultur i engelskspråklege land.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium.
Studenten
- har kunnskap om engelsk språksystem når det gjeld grammatikk, ordforråd og uttale, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk språksystem
- har kunnskap sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
- har noko kunnskap om variantar av engelsk og engelsk som internasjonalt kommunikasjonsspråk
- har kunnskap om barn og unge si språklæring i eit andrespråksperspektiv, og om korleis ein kan fremje denne
- har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
- har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene
- kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
- kjenner nokre trekk ved kultur, samfunnsliv og historie i engelsktalande land.
Studenten kan
- bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar.
- formidle relevant fagstoff på ein måte som er tilpassa målgruppa
- kritisk analysere litterære tekstar og kulturelle dokument.
- bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar.
Studenten kan
- reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Engelsk 2 for 5.-10. årssteg (vidareutdanning for lærarar) går over eitt år og byggjer på emne GL5-10ENG1 Engelsk 1
Obligatorisk undervisning, arbeidskrav og eksamen:
Undervisninga i studiet er obligatorisk.
For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt, og studenten må ha tilstrekkeleg frammøte i emnet.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | 15 | |
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)