Engelsk nettstudium
Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk nettstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på 200-nivå (fordjuping), og kan utgjere ein del av ein bachelorgrad, t.d. bachelorgraden i språk og litteratur ved HVO. Studiet kan også nyttast som eit første steg mot ein mastergrad i engelsk. Studiet kvalifiserer også, i kombinasjon med PPU (praktisk pedagogisk utdanning), til arbeid som engelsklærar i skulen. Opptak til PPU vil kreve mastergrad frå hausten 2019.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Etter fullført studium har studenten kunnskap om:
- vokabular, struktur og funksjon i engelsk språk
- kultur, samfunn og litteratur i nokre land der engelsk er hovudspråk
- normer for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk
Etter fullført studium kan studenten:
- identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk
- analysere eldre og nyare engelskspråkleg litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område)
- tolke kulturelle og samfunnsmessige fenomen og tekstar frå engelskspråklege land
Studenten kan nytte fagstoffet til å skaffe seg større innsikt på dei ulike områda innanfor faget, og kommunisere på engelsk i ulike samanhengar.
Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng. Det vert undervist i to emne i haustsemesteret og to emne i vårsemesteret.Studiet kan takast på heiltid eller deltid, med oppstart haust eller vår - sjå eigne planar for deltidsstudiet.
Studiet tilsvarar i faginnhald engelsk årsstudium, som vert tilbode med ordinær undervisning i Volda.
Ein bør merkje seg at studenten kan styre si eiga arbeidstid. Nettstudiet gjev relativt stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om god planlegging av eiga tid.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
ENG143N har munnlege arbeidskrav og studenten må ha tilgong til datamaskin med mikrofon.
Studenten må ha damaskin, mikofon og webcamera for å delta i digitale diskusjonsgrupper, og til munnleg eksamen i kulturdelen av ENG142N dersom ein ein ikkje kjem til høgskulen for å ta denne eksamenen på campus.
Det er ikkje praksis i dette studiet.
Det er høve til å delta i det ordinære studiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York; dette med atterhald om ledige plassar i York i det aktuelle tidsromet. Ta kontakt med emneansvarleg for ENG142N så snart som mogleg om dette er av interesse.
Kr. 4000 pr. emne
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.