Historie 4x15 stp, nettstudium (deltid), studiestart haust
Studiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram mot vår tid, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode. Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.
Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.
Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.
Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har grunnleggjande oversikt over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, kan trekke samanhengar mellom desse og samanlikne desse
- har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
- har gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område el. tema
- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Studenten
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Studiet er sett saman av 4 emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, og i tillegg vel ein eitt teoretiske fordjupingsemne. Studentar som vel eit fordjupingsemne som sitt siste emne, skal ha fullført minst 2 av dei obligatoriske grunnemna før oppstart. Det er opptak til studiet både haust og vår. Studiet kan gjennomførast både som heiltids- og deltidsstudium, sjå anna studieplan. Deltidsstudenten gjennomfører eit emne pr. semester.
Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda, at studenten er fortruleg med internettbruk: navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut detaljerte rettleiingar i slik bruk i Fronter på nettet.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår | 2018 Haust | 2019 Vår |
---|---|---|---|---|
Studenten vel eitt grunnemne i kvart av dei to første semestra, | 15 | 15 | 15 | 15 |
15 | 15 | 15 | 15 | |
15 | 15 | 15 | 15 | |
15 | 15 | 15 | 15 | |
Studenten vel eitt grunnemne og eitt fordjupingsemne i dei to siste semestra | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)