Historie - årsstudium (nettstudium)
Studiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram mot vår tid, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode. Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved Høgskulen i Volda (HVO) skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.
Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.
Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i enkelte bachelorutdanningar ved HVO, andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.
Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har grunnleggjande oversikt over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, og kunne sjå samanhengar og samanlikne i tid og rom
- har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
- gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, har utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema
- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
Studenten:
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten:
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Studiet er sett saman av fire emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, og i tillegg vel studentane enten HI100N Historisk innføringsemne eller eitt fordjupingsemne (200-nivå). Oppstart på fordjupingsemne krev at minst to av dei obligatoriske grunnemna er fullført først. Studiet kan gjennomførast både som heiltids- og deltidsstudium. Heiltidsstudenten vel to emne pr. semester. Deltidsstudenten gjennomfører eitt emne pr. semester.
Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda, at studenten er fortruleg med internettbruk: navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut detaljerte rettleiingar i slik bruk på nettet.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|---|---|
Heiltidsstudenten vel to emne i kvart semester, deltidsstudenten vel eitt emne i kvart semester | 15 | 15 | 15 | 15 |
15 | 15 | 15 | 15 | |
15 | 15 | 15 | 15 | |
15 | 15 | 15 | 15 | |
Etter å ha gjennomført to av oversynsemna ovanfor, kan studenten velje enten HI100N Historisk innføringsemne eller eitt av dei valfrie fordjupingemna på 200-nivå. | ||||
15 | 15 | 15 | ||
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
15 | ||||
15 | ||||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |