Matematikk 2 (1-7) - Vidareutdanning for lærarar (Nettbasert)
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. steg.
Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har undervisningskunnskap i og om matematisk teoridanning knytt til den systematiske oppbygginga av ulike matematiske emne.
- har kunnskap om korleis kunnskap i matematikk vert utvikla gjennom undersøkingar og eksperiment og påfølgjande bevisføring.
- har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevers læring på barnesteget.
- har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen: Begynneropplæring, overgangen frå barnehage til skule, og overgangar mellom stega i skulen
Studenten
- kan arbeide teoriforankra og systematisk med kartlegging av matematikkvanskar og opplæring tilpassa elever som har matematikkvanskar, til dømes gjennom strategiopplæring
- kan bidra i lokalt læreplanarbeid
- kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
Studenten
- kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
- kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis
Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6) Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webcamera, headset og mikrofon.
Studiet inneheld ikkje eigen praksis.
Studentar som ønskjer å bruke studiet som del av ei grunnutdanning som lærar må i samarbeid med gradsgivande institusjon sørgje for at praksiskravet i utdanninga blir stetta.
Studiet har ei studieavgift på kr 8000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)