See list of study plans starting on:

Mat, kultur og konservering

Studieprogram: 
Mat, kultur og konservering
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
22
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter om norsk matkultur og korleis denne har utvikla seg frå førhistorisk tid og fram til i dag. Studentane vil møte fagområdet gjennom både teoretiske og praktiske tilnærmingar. Mat og matkultur er en del av menneska sin identitet, tradisjonar og tilhøyre og viser seg gjennom våre liv og samfunn. Den generelle samfunnsutviklinga, teknologiske nyvinningar og ulike konserveringsmetodar har prega både mat og matkultur. Kultur, nasjonalitet og religion er óg med å påverke mat og måltid. Studiet har difor ei tverrfagleg tilnærming til mat, der fag som mat og helse, historie/etnologi, naturfag, samfunnsfag og religion er aktuelle fagområde.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten vise kunnskap om

  • konservering generelt og spesielt knytt til kjøt, fisk, frukt og bær
  • korleis slaktinga om hausten går føre seg og om partering og handsaming av kjøt
  • korn og baking av lefser og flatbrød
  • mjølk, ysting av kvitost, koking av brunost, kinning av smør
  • mat, kultur og religion og kunne planlegge eit måltid knytt til ein religion
  • førhistorisk matlaging, kunne bruke våren sine ville vekster i matlaginga og lage kokegrop
  • undervisning og formidling av mat og matkultur i skule og barnehage, på kulturarrangement, innan reiseliv og anna verksemd
  • å gjennomføre ei undersøking kring mat og matkultur ved å bruke ei eller fleire forskingsmetodiske tilnærmingar
  • korleis årstider og høgtider pregar, og har prega, mat og måltid
Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten

  • vise ferdigheiter i konservering generelt og spesielt knytt til kjøt, fisk, frukt og bær
  • vise erfaring med korleis slaktinga om hausten går føre seg og om partering og handsaming av kjøt
  • vise ferdigheiter i baking av lefser og flatbrød
  • vise erfaring med om mjølk, ysting av kvitost, koking av brunost, kinning av smør 
  • vise erfaring med, og ferdigheiter i, å stelle i stand eit måltid knytt til ein religion 
  • vise erfaring med, og ferdigheiter i, å bruke våren sine ville vekster i matlaginga og lage kokegrop
  • planlegge og gjennomføre undervisning og formidling av mat og matkultur i til dømes skule og barnehage, på kulturarrangement, innan reiseliv og anna verksemd
  • formidle mat og matkulturelle tema i eit digitalt format til eit allmennt publikum
  • gjennomføre ei undersøking kring mat og matkultur ved å bruke forskingsmetodiske tilnærmingar
Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne reflektere kritisk kring mat og matproduksjon i menneska sine liv og samfunn før og no
  • syne eit reflektert forhold til ulike formar for kunnskap i samband med mat og matkultur
  • kunne formidle handlingsboren og teoretisk kunnskap om mat og matkultur
  • kunne bruke mat og matkultur i tverrfaglege samanhengar i møte med ulike kulturar, nasjonalitetar og religionar
  • reflektere kring innsamling og bevaring av tradisjonar, kunnskap, kultur og historie gjennom dokumentasjon av mat og matkultur
  • forholde seg reflektert, kritisk og metodisk til ulik informasjon og kjelder i samband med mat og matkultur
Organisering og arbeidsmåtar

Studieprogrammet består av dei to emna Mat, kultur og konservering 1 (MKK101, haust) og Mat, kultur og konservering 2 (MKK102, vår) på kvar 15 studiepoeng. Undervisninga er i hovudsak organisert i helgesamlingar med undervisning fredag ettermiddag/kveld og laurdag. I tillegg kjem eksamensdagar og frammøte i samband med arbeidskrav. Sjå emneplanane for meir informasjon om innhald og organisering.

Mat, kultur og konservering
Navn: 
Mat, kultur og konservering
Praksis

Ei rettleidd og vurdert praksisperiode inngår som integrert del for studentar som tek studiet som del av ei grunnskulelærarutdanning. Studentar som ikkje skal ha praksis må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid, sjå emneplanane.

Kostnader

Studentane må betale materialpengar i faget, kr. 900,- per emne, totalt kr. 1800,-. Delar av undervisninga kan verte lagt utanfor høgskulen. Studentane må sjølv syte for transport til og frå undervisningsstad.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Kari Ryslett, 700 75272, karir@hivolda.no / Ammar Ali Hassan, 700 75496, hassana@hivolda.no