Semestre

MKK102 Mat, kultur og konservering 2

Emnekode: 
MKK102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Food, Culture and Preservation 2
Emnenavn på bokmål: 
Mat, kultur og konservering 2
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MKK101 Matkultur 1
Krav til forkunnskapar

Arbeidskrav og krav til oppmøte i emnet mat, kultur og konservering 1 (MKK101) må vere godkjend.

Om emnet

Emnet er bygd opp kring fem samlingar per semester og desse fem samlingane har dette innhaldet:

  • Samling 1 - Mjølk, ysting av kvitost og koking av brunost. Kinning av smør. Handlingsboren kunnskap og tradisjonsoverføring av praktiske ferdigheiter.
  • Samling 2 - Fisk og fiskemat.
  • Samling 3 - Mat og religion med jødisk påskemåltid som praktisk døme.
  • Samling 4 - Mat frå ulike kulturar.
  • Samling 5 - Mat av våren sine ville vekster, førhistorisk mat og mat i kokegrop.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • vise kunnskap om handsaming, laging og konservering av mat knytt til tema i emnet, som til dømes mjølk, ost, smør, fisk og annan fiskemat, deriblant ulike formar for fermentering.

  • vise kunnskap om mjølk og mjølkemat frå eit teoretisk-, historisk- og produksjonsperspektiv.

  • vise kunnskap om drikkevarer og drikkeskikkar i historisk og kulturell samanheng.

  • vise kunnskap om korleis maten og tilgang til råvarer har utvikla seg frå førhistorisk tid og fram til i dag.

  • vise kunnskap om korleis kulturomgrepet har utvikla seg, og korleis maten vår har vorte handsama innanfor kulturomgrepet. Studenten skal og vise kunnskap om korleis maten har utvikla seg opp gjennom tidene.

  • vise kunnskap om samanhengar i levesett og korleis ei teknisk, økonomisk og kulturell utvikling har fått konsekvensar for den maten vi et i dag.

  • vise kunnskap om mat i eit førhistorisk perspektiv.

  • vise evne til å utforske og greie ut om eit sjølvvald matkulturelt tema i form av eit større individuelt arbeid.

Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne handsame og lage mat knytt til tema i emnet, som til dømes fisk og fiskemat av farse som til dømes blandaball, fiskeball og fiskekaker.

  • vise kjennskap til handsaming og konservering av ulike mjølkeprodukt, som til dømes ystig av kvitost, koking av brunost, kinning av smør.

  • kunne lage mat frå ein annan kultur og lage til eit måltid knytt til ein av dei store religionane.

  • kunne bruke våren sine ville vekster i matlaginga, og vite korleis å lage ei kokegrop og koke mat i denne.

  • gjennomføre og dokumentere eit utforskande arbeid over sjølvvald matkulturelt tema der enkle utgåver av ein eller fleire vitskaplege metodar for datainnsamling inngår.

Generell kompetanse

Studenten skal vise 

  • evne til refleksjon kring mat og matkultur i ein samfunnsmessig samanheng.
  • evne til fagleg basert kritisk tenking knytt til ulike matkulturelle tema.
  • evne til å samarbeide med andre i aktivitetar knytt til mat og matkultur.
  • evne til å drive utforskande verksemd på eit grunnleggjande nivå der fagleg, systematisk og kjeldekritisk tenkning og kreativitet står sentralt.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er organisert som fem samlingar per semester. Første dag av kvar samling vil normalt vere teori i form av førelesningar. Andre dag vil normalt vere praktisk arbeid på kjøkkenet eller anna relevant kontekst.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om studium og eksamen § 4-6 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6).

 

Arbeidskrav:

  • Studentane skal gjennomføre ei forprøve i tilknytning til pensumlitteraturen. Denne må vere godkjent før studenten kan gå opp til eksamen.
  • Studenten må ha godkjend semesteroppgåva (sjå vurdering og eksamen) med innlevering og obligatorisk rettleiing på gitte tidspunkt i arbeidsprosessen.
  • Studentar som ikkje skal ha obligatorisk grunnskulepraksis skal i staden gjennomføre eit kompensatorisk skriftleg arbeid med omfang ca. 700-1000 ord per student. Dette kan óg innebere noko obligatorisk frammøte.

Detaljar og fristar vert gitt i semesterplanen.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
22
Emneansvarleg: 
Kari Ryslett
Materialavgift

Kr. 900,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Mat, kultur og konservering
  • Matkultur og helse 60 stp.
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Oppgåva vert utvikla gjennom semesteret med rettleiing på ulike steg i prosessen.
Inntil 6000 ord.