Å lese Norge. Norsk litteratur i omsetting
For English version click here
Å lese Noreg. Norsk litteratur i omsetjing er ope for alle studentar som ønskjer å lære om norsk litteratur og kulturhistorie, uavhengig av studieprogram.
Pensum inneheld eit breitt spekter av tekstar (frå norrøne verk til samtidslitteratur). I undervisninga blir det lagt særleg vekt på tekstens historiske og kulturelle uttrykk.
Etter å ha fullført emnet skal studenten
- ha brei kunnskap om sentrale tema, forfattarar og periodar i norsk litteratur
- utvikle og uttrykke eit kritisk syn på eit litterært verk og kunne samanlikne med studentens eigen litteratur og kultur
- ha grunnleggjande kunnskap om norsk kultur, historie og samfunn
- ha grunnleggjande kunnskap om normer og standardar for litterær analyse
- kunne setje norske verk og forfattarar i sine respektive historiske periodar
- kunne analysere ein litterær tekst med utgangspunkt i historisk og kulturell bakgrunn
- kunne tolke norske kulturelle og sosiale fenomen og tekstar
Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Sjå emnetabell
12 undervisningsbolkar kvar på 3 timar. Det er krav om oppmøte på minst 75% av desse
Å lese Noreg. Norsk litteratur i omsetjing er ope for alle studentar som ønskjer å lære om norsk litteratur og kulturhistorie, uavhengig av studieprogram. Etter å ha fullført NLIT101 skal studenten:
- ha brei kunnskap om sentrale tema, forfattarar og periodar i norsk litteratur
- ha grunnleggjande kunnskapar om norsk, kultur, historie og samfunn
- kunne analysere tekstar med vekt på tekstens historiske og kulturelle bakgrunn
Emne | 2017 Haust |
---|---|
15 | |
Sum (15 total) | 15 |
Ingen
Kurset vil bli evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sine rutiner for kvalitetssikring.