See list of study plans starting on:

Samfunnsvitskap

Studieprogram: 
Samfunnsvitskap - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
60
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studiet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi, og jus. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling og planlegging i ein lokal og regional kontekst.Studiet tilsvarar første året i Bachelor i planlegging og administrasjon.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om og forståing av økonomiske, sosiale og miljømessige utviklingstrekk og kunnskap om dei politiske utfordringane desse gir for å fremje heilskapleg berekraftig utvikling.

Studenten har kunnskap og forståing av viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking.  

Studenten kan analysere og forstå enkle utviklingstrekk i samfunnet og styringsverket når det gjeld å legge til rette for berekraftig samfunnsutvikling, reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte 

Ferdigheiter

Studenten kan arbeide sjølvstendig med nærare definerte problemstillingar.

Studenten  kan vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ 

Generell kompetanse

Fullført studium gjev kandidaten eit fagleg godt og allsidig grunnlag for forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga.

Organisering og arbeidsmåtar

Studieprogrammet gir 60 studiepoeng, går over to semester og inneheld to tverrfaglege emne, IPA 111 Samfunnskunnskap og IPA 112 Forvaltningskunnskap, kvar på 30 studiepoeng. Begge emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret. Samfunnskunnskap gir ei grunnleggande innføring i sentrale samfunnsgeografiske, sosiologiske, statsvitskaplege og samfunnsøkonomiske emne. Forvaltningskunnskap rettar søkelyset mot viktige lokale og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver og jus.

Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to aktuelle emna. Med utgangspunkt i aktuelt teoristoff og samfunnsvitskapleg metode vil studentane her få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.

Årsstudium samfunnsvitskap
Navn: 
Årsstudium samfunnsvitskap
Emne2017 Haust2018 Vår
1515
1515
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Grethe Mattland Olsen, gmo@hivolda.no, tlf.: 70075182.