Samfunnskunnskap - årsstudium
Årsstudium er identisk med første året i bachelorutdanninga i planlegging og administrasjon. Studiet inneheld seks obligatoriske emne på til saman 60 studiepoeng. Dei seks obligatoriske emna dekker sentrale tematikkar som;
- berekraftig samfunnsutvikling og planlegging på lokalt og regionalt nivå
- governance/styring; demokratiutøving, styringssystem og samstyring
- prosesskompetanse; prosessleiing, omstilling, kommunikasjon, sosialt entreprenørskap, nyskaping og digitalisering
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha kunnskap om:
- sentrale tema og problemstillingar i fagområda berekraftig samfunnsutvikling og samfunnsøkonomi
- organisering av, og funksjonar i, sentrale politiske og administrative institusjonar
- rettsreglane for offentleg forvaltning
- viktige politiske og forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar knytt til regional planlegging og samfunnsstyring
- viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking
Studenten skal kunne:
- analysere og forstå grunnleggande utviklingstrekk i samfunnet når det gjeld å legge til rette for berekraftig samfunnsutvikling
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og bruke desse på ein kritisk måte
- gjere greie for sentrale element ved norsk politikk, offentleg rett og forvaltning
- drøfte praktiske og teoretiske problemstillingar som gjeld berekraftig samfunnsutvikling
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep og bruke ferdigheitene på ein kritisk måte
Studenten skal kunne:
- formidle og bruke samfunnsvitskapleg og juridisk kunnskapar og terminologi for å analysere generelle samfunnsforhold
- vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
- formidle samfunnsvitskapleg kunnskap om norsk politikk og forvaltning
I tillegg til førelesingar, blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom i Canvas, der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.
Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon. I undervisningssituasjonen kan dette bli gjort gjennom at studentane aktivt deltek i gruppearbeid og drøftingar i plenum. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, ulike studentaktive undervisningsformer, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og eventuelle ekskursjonar. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet. Studentane skal bruke tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.