See list of study plans starting on:

Skuleretta samfunnsfag 2, nettstudium

Studieprogram: 
Skuleretta samfunnsfag 2 - nettstudium m/avgift
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
80
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Dette studiet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. Fokus vert sett på ulike tidsepokar og ulike deler av verda. Dessutan står samspelet / konflikten mellom natur og samfunn sentralt. Studiet tek opp høgaktuelle tema som entreprenørskap, demokrati, politisk makt og politiske prosessar, barn og media, norsk etterkrigstid, geografi, historie og samfunnsforhold på Island, i Kina og Afrika. Det er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

· har kunnskap om hendingar og forhold i samtida i lys av maktforhold og menneskelege handlingar og val i fjern og nær fortid

· har kunnskap om kart og kartbruk i skulen, næringsliv og lokalisering av næringsverksemd

· har kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den andre verdskrigen til i dag

· kjenner til afrikansk, islandsk og kinesisk historie, geografi og samfunnsliv

· kan leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokrati

· har kunnskap om pedagogisk entreprenørskap

· har kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet

· har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i faget

· har kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar

Ferdigheiter

Studenten

· kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid

· kan arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget

· kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn

· kan kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa

· kan reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar

· kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag

· kan gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar

· kan ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar

Generell kompetanse

Studenten

· kan oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis

· kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget

· kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking

· kan forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv

· kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn

Organisering og arbeidsmåtar

Studentane skal få ei grunnleggjande innføring i utvalde tema i skulefaga/vitskapsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Kunnskap og forståing skal kome fram i ei kopling mellom ulike teoriar og konkrete døme frå Noreg og verdssamfunnet. Studiet skal særleg førebu studentane på arbeid i skuleverket (grunnskulen), m.a. ved at fagdidaktikk vil vere eit gjennomgåande perspektiv.

Studiet er eit nettstudium.

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap. E-læringsverktøy (Fronter) vert brukt aktivt m.a. til innlevering av skriftlege oppgåver, og forum for studiehjelp, m.a. med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til. 

Skuleretta samfunnsfag 2, nettstudium (oppstart haust)
Kostnader

Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne)

Anna
Studiet er for nettstudentar som gjennomfører det ved å nytte internett som kommunikasjonskanal.Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap. E-læringsverktøy (Fronter) vert brukt aktivt m.a. til innlevering av skriftlege oppgåver, og forum for studiehjelp, m.a. med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til. 
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Ansvarleg
Elisabeth Teige, telefon: 70075295 epost: elisabeth.teige@hivolda.no