See list of study plans starting on:

Skuleretta samfunnsfag 2, nettstudium m/avgift

Studieprogram: 
Skuleretta samfunnsfag 2 - nettstudium m/avgift
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Om studiet

Samfunnsfaget i skulen skal mellom anna stimulere elevane til å forstå og reflektere om samfunnet rundt seg, til å bli aktive samfunnsborgere i eit demokratisk samfunn og bidra til elevane si identitetsutvikling. Dette studiet er retta mot deg som er ferdig utdanna lærar og ønskjer vidareutdanning i samfunnsfag som undervisingsfag. Studiet skal gi ei grunnleggjande innføring i utvalde tema i skulefaga/vitskapsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Kunnskap og forståing skal kome fram i ei kopling mellom ulike teoriar og konkrete døme frå Noreg og verdssamfunnet. Studiet skal særleg førebu studentane på arbeid i skuleverket, m.a. ved at fagdidaktikk vil vere eit gjennomgåande perspektiv. 

Studiet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn i ulike tidsepokar og i ulike delar av verda. Studiet tek opp tema som demokrati, politisk makt og politiske prosessar, norsk etterkrigstid, geografi, historie og samfunnsforhold i ulike delar av verda. Gjennom arbeidet vil du bli kjend med fagenes metodar og eigenart som vitskapsfag og skulefag, og gjennom det didaktiske perspektivet få utvida og tatt i bruk eigne erfaringar frå klasserommet og skulen. 

Studieprogrammet Skuleretta samfunnsfag 2 er retta mot undervising i grunnskulen trinn 8-10, medan Skuleretta samfunnsfag 1 rettar seg mot undervising på 5.-7. trinn. 

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om hendingar og forhold i samtida i lys av maktforhold og menneskelege handlingar og val i fjern og nær fortid
  • kunnskap om kart og kartbruk i skulen, næringsliv og lokalisering av næringsverksemd
  • kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den andre verdskrigen til i dag
  • kunnskap til afrikansk, islandsk og kinesisk historie, geografi og samfunnsliv
  • kunnskap om pedagogisk entreprenørskap
  • kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
  • kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i faget
  • kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
  • arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
  • planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
  • kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
  • reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar
  • leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokrati
  • bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
  • gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar
  • ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
  • reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
  • forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
  • kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er delfinansiert med studieavgift. 

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Nærare informasjon om arbeidskrav og eksamensform er tilgjengeleg i emneplanane. 

Skuleretta samfunnsfag 2, nettstudium m/avgift
Kostnader

Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne)

Ansvarleg
Margit Ystanes ,e-post: margit.ystanes@hivolda.no