See list of study plans starting on:

Master i nynorsk skriftkultur, heiltid

Studieprogram: 
Mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
25
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget til mastergraden i nynorsk skriftkultur er oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 studiepoeng) innan humanistiske eller samfunnsfaglege emne, der minimum 20 av studiepoenga må vere frå eit fordjupingsemne (200-nivå). Eksempel på relevante fagområde er etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi og statsvitskap. Søkjarar som har andre relevante fag eller utdanning på same nivå og av tilsvarande omfang, kan søkje om særskild vurdering.

Om studiet

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur er eit kulturstudium. Studiet formidlar innsikt i skriftkulturen generelt, og i den nynorske skriftkulturen særskilt. Studentane får eit grundig, tverrfagleg og komparativt innsyn i kva skriftkultur er, og korleis skrift og kultur er knytte saman. Vi brukar ulike fagdisiplinar. Dei mest aktuelle er språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk. Studiet gir deg brei språk- og kulturkompetanse og kvalifiserer mellom anna for undervisning i skuleverket, for arbeid i forlag, media, fagstillingar ved museum, offentleg og privat kultursektor, kulturadministrasjon og kulturformidlingsinstitusjonar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten har inngåande kunnskap om

  • historia og situasjonen til den nynorske skriftkulturen 
  • historia til skrift, skriving, og tekstproduksjon gjennom tidene 
  • andre mindre brukte språk og om minoritetskulturar
  • historie og praksis i språknormering
  • historia til den nynorske litteraturen
  • utviklinga av det nynorske skriftmålet gjennom tidene, saman med kunnskap om dei utfordringane som nynorsken står overfor i dag
  • moderne samfunns-, litteratur-, og språkteori 
Ferdigheiter

Studenten kan

  • plassere den nynorske skriftkulturen i høve til andre mindre brukte skriftspråk, og til språk- og identitetsbaserte minoritetskulturar andre stader
  • forklare og formidle forholdet mellom ulike skrifttradisjonar og politiske system
  • greie ut om skilnaden mellom skriftleg og munnleg kommunikasjon 
Generell kompetanse

Studenten kan

  • analysere tekstar og argument og framstille eigne argument på ein ryddig, logisk og samanhengande måte både munnleg og skriftleg
  • vise stor fagleg breidd innanfor språk- og kulturfeltet
  • forstå komparasjon, og arbeide komparativt med eit fagleg stofftilfang
  • formidle ei generell innsikt i utviklinga av kulturen i Vesten
  • skrive klar og lettfatteleg akademisk sakprosa på korrekt nynorsk 
Organisering og arbeidsmåtar

Masterstudiet i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid. Undervisninga er organisert som vekessamlingar. I haustsemesteret blir det gjeve undervisning i emna NYN301 Skriftkultur. Ei innføring og eitt av dei to emna NYN303 Språkvitskap og NYN304 Den nynorske teksten (annakvar haust), medan det kvart vårsemesteret blir gjeve undervisning i NYN302 Vitskapsteori og metode og ULNO303 Lese- og skrivekunne. Alle emna er på 15 studiepoeng. I tillegg skal studenten skrive ei sjølvvald masteroppgåve som tel 60 studiepoeng. Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.

Nynorsk skriftkultur
Navn: 
Nynorsk skriftkultur
Emne2019 Haust2020 Vår2020 Haust2021 Vår
Obligatoriske emne
15
15
3030
Valemne (det vert tilbydd to av i alt tre emne kvart studieår)
1515
 
15
 
15
 
15
Ansvarleg
Stig Helset, tlf. 70 07 51 59, e-post stig.helset@hivolda.no