Teater, opne emne
Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Studieprogrammet er retta mot deg som vil arbeide med drama og teater i skule, kulturskule og anna kulturverksemd, eller mot deg som siktar mot vidare teaterutdanning. Studiet er eit deltidsstudium og går over to semester.
I studiet skal de jobbe med t.d.:
- Skodespelarteknikk
- Ensemblebyggjing
- Teaterproduksjon
- Forteljing
- Museumsformidling
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har kunnskap om utvalde teaterfaglege tema, teoriar og problemstillingar
- har kunnskap om utvalde teaterfaglege metodar, verkty og prosessar
Studenten
- kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre, og analysere relevante kunstnarlege uttrykk
- kan bruke utvalde teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling
Studenten
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
a) Arbeids- og undervisingsformene
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og workshops
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
- førelesingar
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.
Studiet inneheld ei mindre studiereise til eigen kostnad.
- Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.
b) Progresjon
Vidareutdanning deltid haust inneheld desse 30 studiepoenga:
TOD101 - Teaterproduksjon 1: Realistisk teater + TOD104 - Forteljing og formidling
Emna i studiet tilsvara 30 stp av første studieår i bachelorgraden til Teater og drama.
c) Frammøte
All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
d) Vurderingsformer
Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer, som td.:
- Skriftlege individuelle innleveringar
- Teaterproduksjonar
- Forteljar framsyning
- Analysar
- Munnlege framføringar
- Museumsformidling
- Husteater
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Emne | 2019 Haust | 2020 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig.
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid.
Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og ei god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.
Studentane skal:
- ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko
Eit av arbeidskrava i TOD104 vil vere knytt til opphald i praksisfeltet, der dagleg undervisning og arbeid vil vere knytt til eit museum i nærområdet.
Det er ikkje høve til utveksling i studiet.
- Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlevering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)