Semestre
TOD104 Forteljing og formidling
Emnekode:
TOD104
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2020 Vår
Eksamenssemester:
2020 Vår
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Om emnet
Emnet er eit introduksjonsemne til arbeid med munnleg formidling og forteljarkunst, som legg vekt på at studenten skal prøve ut og utvikle seg i den handverksmessige og kunstnarlege sida av faget.
Studentane vil jobbe med:
- Kommunikasjon, og stemmebruk.
- Retorikk, og fysisk formidling.
- Forteljarkunst, og munnleg formidling.
- Museumsformidling.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om kommunikasjon, kroppsspråk, stemmebruk og retorikk
- har kunnskap om utvalde forteljarsjangerar og forteljartradisjonar
Ferdigheiter
Studenten
- kan nyttegjere seg forteljarfaglege teknikkar og uttrykksformer i ulike framføringar
- kan omarbeide ulike typar tekstar med tanke på munnleg formidling i ulike situasjonar
- meistrar teknikkar for å lære seg ei forteljing
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere over eigne munnlege framføringar
- kan arbeide sjølvstendig og produksjonsretta
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Utvikling og gjennomføring av eit formidlingsprosjekt, induviduelt eller i gruppe, med eit skriftleg refleksjonsnotat knytt til formidlingsprosjektet, på omlag 1500 ord.
- Ei godkjend framsyning på Husteater.
Sensorordning
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
10
Maksimumstal:
25
Emneansvarleg:
Borghild Otelie Aasebøstøl
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Forteljing og formidling
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
- Teater og drama - årsstudium
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 15 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Innlevering av video samt skiftlig refleksjonsoppgave | Alle hjelpemiddel tillatt | Video: 10 minutt (.mp4 eller .mov) Skriftlig refleksjon: 1500 ord |
Godkjent av:
Aud Folkestad