Engelsk årsstudium, heiltid, opptak haust
Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk årsstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan utgjere ein del av ein bachelorgrad, t.d. bachelorgraden i språk og litteratur ved HVO. Studiet kan også nyttast som eit første steg mot ein mastergrad i engelsk. Studiet kvalifiserer også, i kombinasjon med PPU (praktisk pedagogisk utdanning), til arbeid som engelsklærar i skulen. Frå hausten 2019 krevst det mastergrad som inneheld minst eitt skulefag for å bli tatt opp til PPU.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført studium har studenten kunnskap om:
- vokabular, struktur og funksjon i engelsk språk
- kultur, samfunn og litteratur i nokre land der engelsk er hovudspråk
- normer for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk
- stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruken til ulike situasjonar
Etter fullført studium kan studenten:
- identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk
- analysere eldre og nyare engelskspråkleg litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område)
- tolke kulturelle og samfunnsmessige fenomen og tekstar frå engelskspråklege land
- bruke engelsk sikkert og funksjonelt, skriftleg og munnleg.
Studenten kan nytte fagstoffet til å skaffe seg større innsikt på dei ulike områda innanfor faget, og kommunisere på engelsk i ulike samanhengar.
Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng. Det vert undervist i to emne i haustsemesteret og to emne i vårsemesteret. Det er obligatorisk oppmøte til undervisning (onsdag, torsdag og fredag) i alle emne.
Emne | 2020 Haust | 2021 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Det er ikkje praksis i dette studiet.
Utanlandsopphald:
Eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York er ein obligatorisk del av studiet, lagt til emnet ENG 144 (vår). Studentar som får fritak frå dette kravet, kan i staden utføre eit arbeidskrav relatert til innhaldet i studieopphaldet.