Semestre
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
ENG142 Litteratur, kultur og samfunn etter 1900
Ingen
Emnet gir ei innføring i moderne litteratur, kultur og samfunn frå den engelskspråklege delen av verda etter 1900. Det omfattar eit breitt utval hendingar og tekstar frå USA, Storbritannia og dei tidlegare britiske koloniane, og gjev studentane ferdigheiter til å forstå, analysere og vurdere dette materialet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten forståing og kunnskap om:
- dei viktigaste formelle og tematiske særtrekka ved litterære sjangrar etter 1900
- sentrale aspekt ved historie, kultur og samfunn i Storbritannia, USA og andre engelskspråklege land etter 1900
- grunnleggande teknikkar for litterær, kulturell og historisk analyse
- samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i denne perioden
- korleis ein skriv gode akademiske essay på engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere og tolke moderne engelske litterære tekstar i ulike sjangrar ved bruk av normerte metodar for litterær kritikk
- vurdere og tolke politiske og historiske hendingar i engelskspråklege land etter 1900
- nytte digitale ressursar til å analysere og vurdere litteratur, kultur og samfunn
- samanlikne og analysere samspelet mellom litterære tekstar, kunst, trendar og hendingar i denne perioden
- skrive strukturelt og stilistisk gode akademiske essay på engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere, evaluere og presentere informasjon på ein sjølvstendig og kritisk måte
- skrive overtydande og velstrukturerte akademiske essay
Undervisninga skjer i form av forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid.
Studenten skal levere to arbeidskrav som må vere godkjende for at ein kan gå opp til eksamen. Den eine oppgåva er eit semesteressay på om lag 2000 ord i eit litterært emne. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske. Det andre arbeidskravet er eit kortare samfunns- og historiearbeidskrav på opp til 1000 ord.
Studenten har høve til å levere ny versjon av arbeidskrav som ikkje vert godkjende.
Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor i religion og livssyn
- Engelsk - årsstudium
- Engelsk - årsstudium (deltid)
- Historie - bachelor
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Om eit kultur- og samfunnsemne | ||
Heimeeksamen | Individuell | 1 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 | Om eit litterært emne | 2000 ord. |