See list of study plans starting on:

Journalistikk tv/radio

Studieprogram: 
Journalistikk, spesialisering tv/radio
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse. Kvote for søkjarar med relevant journalistisk praksis. Sjå Samordna opptak.

Om studiet

Bachelor-programmet i tv/radio utdannar journalistar med særleg vekt på lyd og levande bilete. Det gir ei brei innføring i kringkastingsjournalistikkens mange format, teknikkar og teknologiar. Studiet tilbyr også inngåande utdanning i nettpublisering som i dag er ein sentral del av jobben for tv- og radiojournalister. Høgskulen legg stor vekt på å bruke same utstyr som du finn ute i bransjen.

Studiet skal
- gi studentane systematisk trening i journalistisk arbeid og kunnskapar om journalistikk som fag
- gi kunnskap om ulike medium, deira rolle og oppgåver
- gjere studentane kjende med forsking om massemedia, journalistikk og journalistisk etikk
- gi kunnskap og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål
- gi studentane ei bevisst haldning til tale-, bilde- og skriftspråket som sosiale fenomen og kommunikasjonsmiddel
- utvikle studentane sine evner til samarbeid

Journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda utdannar journalistar til redaksjonar i heile landet. Journalistyrket er eit fritt yrke som rekrutterer folk med ulik bakgrunn. Stadig fleire vel journalistutdanning som innfallsport til eit yrke som ønskjer kunnskapsrike, kreative journalistar med ei bevisst haldning til yrkesrolla si. Studiet inneheld desse elementa:

  • Journalistiske idear og nyhendevurdering

Journalistar må kvar dag vurdere idear og prioritere nyhende. I tillegg til god allmennkunnskap er sentrale hjelpemiddel teori om medias rolle og funksjon i samfunnet, om nyhendekriterium og nyhendekjelder. Området blir dekt gjennom forelesingar og øvingsoppgåver i plenum og gruppevis i redaksjonane, og omfattar både lokale og nasjonale nyhende.

  • Journalistisk undersøking

Journalistisk undersøking er viktig i all reportasje. Sjølvstendig journalistisk undersøking er eit vilkår for ein uavhengig journalistikk, og målet er å setje studentane i stand til å gjennomføre prosjekt i undersøkjande journalistikk. Undervisninga startar med grunnleggjande teknikkar som referat- og intervjuteknikk, og til faget høyrer også kjeldekunnskap, kjeldekritikk og innsynsrett. Undervisninga blir gitt som forelesingar og obligatoriske oppgåver. Kjeldekart, oppbygging av indeksar og kronologiske oversyn vert nytta som arbeidsreiskapar i kurset.

  • Mediespråk og formidling

Målet med undervisninga er å gjere studentane medvitne om sentrale eigenskapar ved skriftspråk, talespråk og bildespråk. Sjangerkonvensjonar, retorikk, språksosiologi og språknormering blir tatt opp i undervisninga. Gjennom øvingar og medieprodukt skal studentane lære god og korrekt språkbruk, og bli i stand til å dyrke fram ein personleg stil. Undervisninga startar med innføring i sjangerkonvensjonar for mediespråk, særleg knytt til nyhendeformidling. Seinare tek ein for seg tilhøvet mellom skrift og tale, og retningslinjer for individuell og redaksjonsbestemt språkbruk, avhengig av sjanger/format. Ein kjem òg inn på språksosiologiske emne som språk, makt og kjønn, og pensum inneheld også fagartiklar om særdrag ved språkbruk og formidlingsmåtar i radio og fjernsyn.

  • Medieetikk

Gjennom førelesingar, praktiske døme og oppgåver får studentane kunnskapar om medieetikk og korleis den avgrensar seg til lovgjevinga. Tidleg i studiet får studentane ei grunnleggjande innføring i medieetikk og det lovverket som regulerer journalistisk arbeid. Seinare arbeider studentane vidare med sentrale område som pressefridom, pressejus og kjeldevern. Gjennom utdanninga skal studentane utvikle sine evner til å analysere og vurdere medieetiske problem.

Studiet kvalifiserer til å kunne søkje om opptak på Master in Media Practices på Høgskulen i Volda.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha brei kunnskap om grunnleggande tema, metodar, teoriar, problemstillingar og verktøy innan journalistikkfaget med særleg vekt på kringkastingsjournalistikk
  • vere oppdatert på sentrale forskings- og utviklingsarbeid innan journalistikk, massemedia og journalistisk etikk 
  • ha kunnskap om journalistikkens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet 
  • ha kunnskap om ulike medium, deira rolle og funksjonar, og om aktuelle digitale endringsprosessar på mediefeltet 
  • har kunnskap om tale-, bilde- og skriftspråket som sosialt fenomen og kommunikasjonsmiddel 
  • ha innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål

 

Ferdigheiter

Studenten skal 

  • kunne bruke relevant fagkunnskap, metodar og resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val
  • kunne reflektere over eigen fagleg utføring og justere denne
  • kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det kastar lys over journalistiske problemstillingar
  • kunne meistre relevante journalistiske verktøy, teknikkar, sjangrar og uttrykksformer, særleg innafor radio og tv
  • kunne samarbeide om journalistiske prosjekt og ha kollektivt ansvar
  • kunne arbeide sjølvstendig som journalist
Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kunne planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kunne utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar 
  • kunne utøve kritisk og sjølvstendig tenking og framføre eit velformulert resonnement
Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorgraden i journalistikk, spesialisering tv/radio, ved Høgskulen i Volda er sett saman av obligatoriske og valfrie emne og er på 180 studiepoeng. Dei obligatoriske emna utgjer 165 studiepoeng og må takast i fastsett rekkefølgje.

Studentane får tilbod om utdanningssamtale i første semester. I utdanningsplanen inngår valfrie emne på minimum 15 studiepoeng. Den valfrie delen er lagt til tredje semester og emna kan takast på avdelinga eller ved andre avdelingar på høgskulen (sjå emnetabell for valfrie emne frå avdelinga lenger ned). Dei kan og takast ved andre utdanningsinstitusjonar i Noreg eller i utlandet. Dersom ein tek det valfrie semesteret ved ein samarbeidsinstitusjon i utlandet er det krav om å ta 30 studiepoeng. Emnevala må godkjennast av avdelinga og alle studentane vil få rådgjeving om gjennomføring av studiet i utdanningssamtalen. Dei ulike emna i journalistikk må takast i stigande rekkefølgje.

Studiet er arbeidskrevjande med obligatoriske innleveringsoppgåver og obligatorisk deltaking i interne øvingsproduksjonar. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere sine eigne arbeid i høve til relevant teori. Studiet spenner frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane og til meir analyserande og undersøkjande journalistikk.

 

Journalistikk, spesialisering tv/radio
Navn: 
Journalistikk, spesialisering tv/radio
Emne2020 Haust2021 Vår2021 Haust2022 Vår2022 Haust2023 Vår
Obligatoriske fellesemne
5
15
15
10
15
Spesialisering: Du vel eit av emna 1. studieår og det andre 2. studieår:
1010
 
1010
 
1010
Valfrie emne/ utvekslingsemester. Emne frå andre institusjonar kan innpassast etter søknad. Andre emne kan også vere valbare. Ta kontakt med studensørvis.
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
15
 
5
 
15
 
15
Obligatoriske fellesemne
10
15
15
510
Spesialisering: Du vel spesialisering. Dette valet vil også gjelde for siste semester
15
 
15
 
15
Spesialisering på same plattform som forrige semester
15
 
15
 
15
Praksis

Det er fire periodar med obligatorisk praksis. I dei tre første periodane er det intern praksis. Studentane arbeider i øvingsmedia ved avdelinga; fjernsyn eller radio. Før siste året må studentane velje mellom radio og tv som hovudspesialisering. I siste semester blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkjande eller regionale medieverksemder. Praksisutplasseringa blir avtalt mellom faglærar og vedkomande medieverksemd, og fordelinga tek omsyn til studentane sine ønske.

I praksisperiodane ved høgskulen vert det lagt vekt på rettleiing, evaluering og refleksjon rundt journalistiske problemstillingar. Studentane må fylgje oppsette vaktplanar og gjere dei oppgåvene dei blir tildelte. Studentane skal òg delta i evalueringa av studentproduksjonane.

For å ha rett til ekstern praksisplass må studenten ha fullført alle eksamenar og obligatoriske oppgåver i Journalistikkemna og Medievitskapemna.

Internasjonalisering

Bachelorstudia i journalistikk har mange samarbeidspartnarar i mange land og mange studentar vel å studere i utlandet  det valfrie tredje semster. Det er då høve til å studere emne som kan vere relevant for journalistisk arbeid. Det er krav om å ta 15 studiepoeng valfrie emne. Men dersom ein studerer hos partneruniversitet i utlandet er det krav om å ta 30 studiepoeng det semestret. 

Ansvarleg
André Folkestad