See list of study plans starting on:

Religion, livssyn og etikk, fordjupingsstudium, oppstart vår

Studieprogram: 
Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk eller tilsvarande.

Om studiet

I fordjupingsstudiet kan studenten utdjupe sine kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk. Saman med praktisk-pedagogisk utdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE på ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Kompetanse om det religiøse og livssynsmessige mangfaldet i samfunnet er etterspurt og viktig i fleire yrkessamanhengar, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Studiet består av eit valfritt emne (REL206 eller REL207) og eit obligatorisk (REL212) der studenten skriv ei fordjupingsoppgåve.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna der kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse er spesifisert. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar
  • utdjupande kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk
Ferdigheiter
  • har evne til å tileigne seg ny kunnskap innan dei valte emna og fagområde
  • kan formidle kunnskapane på ein god måte skriftleg
Generell kompetanse
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Organisering og arbeidsmåtar

Studenten vel eit av dei valfrie emna Spiritualitet før og no (REL206) eller Livssynsmarknad og livssynsdebatt (REL207), i tillegg til emnet Fordjupingsoppgåve i religion og livssyn (REL212). Studiet kan gjennomførast på eitt eller to semester (heiltid eller deltid).

Religion, livssyn og etikk, fordjuping, oppstart vår
Navn: 
Religion, livssyn og etikk, fordjuping, oppstart vår
Emne2020 Vår2020 Haust
1515
NB! REL212 kan takast både i haust- og vårsemester
Valemne
 
15
 
15
Ansvarleg
Knut-Willy Sæther, tlf. 70075340, e-post setherk@hivolda.no