Religion, livssyn og etikk, fordjupingsstudium, oppstart vår
I fordjupingsstudiet kan studenten utdjupe sine kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og interkulturell forståing. Kompetanse om det religiøse og livssynsmessige mangfaldet i samfunnet er etterspurt og viktig i fleire yrkessamanhengar, t.d. helsesektoren, media, organisasjonar og kyrkjeliv. Studiet består av eit valfritt emne (REL210 eller REL207) og eit obligatorisk (REL212) der studenten skriv ei fordjupingsoppgåve.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna der kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse er spesifisert. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- utdjupande kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og interkulturell forståing
- har evne til å tileigne seg ny kunnskap innan dei valte emna og fagområde
- kan formidle kunnskapane på ein god måte skriftleg
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Studenten vel eit av dei valfrie emna Intercultural understanding (REL210) eller Livssynsmarknad og livssynsdebatt (REL207), i tillegg til emnet Fordjupingsoppgåve (REL212). Studiet kan gjennomførast på eitt eller to semester (heiltid eller deltid).
Emne | 2023 Vår | 2023 Haust |
---|---|---|
15 | 15 | |
NB! REL212 kan takast både i haust- og vårsemester | ||
Valemne | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |