See list of study plans starting on:

Norsk fordjupingsstudium - nettstudium, opptak vår

Studieprogram: 
Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

60 stp. i norsk (Norsk årsstudium eller tilsvarande) eller 45 stp norsk + 15 stp HUM 101. 

Om studiet

Fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur kan utgjere fordjupingskomponenten i ein bachelorgrad eller inngå i ei lærarutdanning. Det kan også nyttast som grunnlag for eit masterstudium i nordisk. Med sin særeigne kulturprofil høver studiet godt som kvalifisering for masterstudiet i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Studiet gir undervisningskompetanse i norsk i ungdomsskule og vidaregåande skule og kan nyttast i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i språk eller litteratur. Dei som tek faglærarutdanning må i tillegg ta praktisk-pedagogisk utdanning.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten

  • ha solide kunnskapar innanfor eit avgrensa språkleg og litterært felt
Ferdigheiter

Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten

  • kunne formulere relevante problemstillingar med grunnlag i relevant teori og særdrag ved studieobjektet
  • ha utvikla gode analyseferdigheiter i samsvar med metodiske krav
Generell kompetanse

Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten kunne utforme analyseresultata sjølvstendig og reflekterande i ein tekst som tilfredsstiller krava til ei vitskapleg framstilling

Organisering og arbeidsmåtar

Fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur kan setjast saman på ulike måtar:

- eit språkleg og eit litterært emne

- to språklege emne

- to litterære emne

- eit emne i anten språk eller litteratur og eit individuelt oppgåveemne i same disiplin i det påfølgjande semesteret

Kvart av emna er på 15 studiepoeng. Den individuelle oppgåva svarar til ei bacheloroppgåve. Den kan også takast i tillegg til dei andre variantane. Du vel sjølv om du vil ta eitt eller to emne per semester.

Studenten må ha fullført undervisningsemnet før han/ho kan få opptak på oppgåveemnet.

Undervisninga i forjupingsstudiet blir gitt gjennom individuell oppgåverettleiing og ei samling over to dagar (gjeld ikkje oppgåveemna).

Studenten vel sjølv målform på oppgåvene.

Krav til utstyr eller ferdigheiter

Ein rår til at studentar som vurderer å søkje, har C eller betre i gjennomsnittskarakter frå årsstudiet i den disiplinen ein vel å fordjupe seg i.

 

Praksis

Det er ikkje knytt praksis til emna.

Ansvarleg
Anemari Neple