Semestre

NO207 Grammatikk, tekst og retorikk

Emnekode: 
NO207
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

45 studiepoeng frå tre grunnemne i norsk (nordisk), NO111S,  NO112S og anten NO113S eller NO114S.

Om emnet

Emnet gjev ei fordjuping i funksjonelle tilnærmingar til grammatikk og tekst. Det blir lagt vekt på korleis meining blir skapt og kommunisert, og på korleis vi med ulike språklege val skapar ulike bilete av verkelegheita. Kjernen i emnet er ei innføring i systemisk-funksjonell grammatikk, som dannar grunnlag for å gå vidare med andre funksjonelle tilnærmingar til språk og tekst. I systemisk-funksjonell grammatikk spør ein ikkje først og fremst kva språk er, men kva språket kan brukast til, og tyding og funksjon er heile tida i sentrum for dei språklege analysane. Studenten får óg ei innføring i moderne retorisk teori, med vekt på effektiv og overtydande kommunikasjon, og i praktisk diskursanalyse. Emnet gjev dermed solide verktøy for å analysere tekstar i ulike kontekstar og på ulike nivå, i samfunn, skule og utdanning.

Emnet kan, saman med eit litteraturemne, vere ein del av fordjupingsstudiet i norsk, men kan også takast separat, saman med eit anna språkemne (NO201, Nynorsk skriftkultur) eller som del av bachelorstudiet i språk og litteratur.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om

  • systemisk-funksjonell grammatikk
  • moderne retorisk teori
  • metodar brukt i praktisk diskursanalyse
  • korleis språk blir brukt for å skape meining og kommunisere i ulike kontekstar

 

 

Ferdigheiter

Studenten er i stand til å

  • utføre funksjonelle tekstanalysar med omgrep frå systemisk-funksjonell grammatikk og retorikk
  • analysere tilhøvet mellom tekst og kontekst
  • kritisk reflektere over forholdet mellom språk, tekst og samfunn
Generell kompetanse

Studenten skal ha

  • generell kompetanse i utforming av vitskaplege tekstar
  • innsikt i vitskaplege metodar for analyse av tekstar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gjeven i form av nettleksjonar, individuell rettleiing og éi samling ved Høgskulen i Volda. Parallelt med nettleksjonane arbeider studenten med ei semesteroppgåve. Rettleiinga vil i stor grad vere knytt til arbeidet med oppgåva.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

1. I starten av semesteret skal studenten gjere avtale med rettleiar om val av emne og problemstilling for semesteroppgåva.

2. Innan ein fastsett frist skal studenten levere eit utkast til semesteroppgåva på om lag 1500 ord. Utkastet blir kommentert og må godkjennast før studenten kan gå vidare med oppgåva.

3. Studenten skal delta på samlinga. Dersom ein på grunn av sjukdom eller andre presserande grunnar ikkje kan delta på samlinga, kan ein søkje om fritak. I så fall må ein skrive ei oppgåve på om lag 1500 ord (ca. 5 sider).

Sensorordning
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Tor Arne Haugen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk (nordisk) - fordjupingsstudium (nettstudium)
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
67
Eksamen er todelt og består av ei individuell semesteroppgåve på om lag 6000 ord og ei individuell kortsvarsprøve på 4 timar. Kortsvarsprøva er nettbasert. Ved sensuren blir det nytta bokstavkarakterar, og begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått. Ved fastsetjing av endeleg eksamenskarakter tel kortsvarsprøva 1/3, medan semesteroppgåva tel 2/3.
Semesteroppgåve på 6000 ord (utanom litteraturlista)
Digital eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
33
Kortsvarseksamen på 4 timar.
Godkjent av: 
Anne Øie