Samfunnsplanlegging og leiing (heiltid)
Formålet med studieprogrammet er å bidra til at aktørar i samfunnet samarbeider meir på tvers av nivå, sektor og profesjon for å oppnå nye problemforståingar og problemløysingar som på ei betre måte tilfredsstiller samfunnet sin behov for heilskapleg praksis. Planlegging og leiing blir rekna som viktige verktøy for å oppnå dette. Masteroppgåva skal vurderast etter vitskaplege kriterium og oppgåva skal dokumentere at studenten kan arbeide metodisk og sjølvstendig med relevante problemstillingar. Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Fullført studieprogram gir høve til å søke doktorgradsprogram.
Studiet tek utganspunkt i at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til ei planlagt samfunnsutvikling, og at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kapasitetsbyggande prosessar. Høgskulen i Volda er den einaste utdanningsinstitusjonen i landet som tilbyr ein mastergrad der planlegging og leiing blir sett i samanheng. Planleggar og leiar er i mange tilfelle noko ein blir etter å ha vore lærar, sjukepleiar, ingeniør og anna i mange år. Difor er det mange planleggarar og leiarar som saknar formell utdanning i planlegging og leiing. Erfaringane viser at studiet passar for planleggarar, ingeniørar, sjukepleiarar, legar, sosionomar, barnevernspedagogar, lærarar, politi og andre profesjonsutdanningar som ønsker å vidareutdanne seg i planlegging og leiing med vekt på heilskaplege problemforståingar og problemløysingar. Studiet passar også for dei som ønsker å kvalifisere seg til stillingar innanfor plan- og utviklingsarbeid i offentleg, privat og frivillig sektor.
Studiet legg vekt på å knyte saman teori og praksis og på å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar. Studentane på programmet er ei blanding av folk med ferske bachelorgrader og folk medlang utdanning og praksis. Vidare har studentane ulike utdanningar og representerer ulike profesjonar. Difor legg studiet vekt på studentaktive læringsformer med dialogbasert undervisning, omsnudd klasserom der studentane presenterer og drøftar sine erfaringar og sine arbeid, medstudentvurderingar av oppgåver som er til rettleiing m.m.. På den måten oppnår ein at dei erfarne bidreg med relevant praksis og dei med ferske bachelorgrader bidreg med innsikt i nye teoriar og modellar. I sum gir dette grunnlag for kritisk refleksjon over kunnskap, ferdigheiter, handlingar og haldningar og dermed ein meir kompetent praksis som planleggar og leiar.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha
- avansert kunnskap om relevante perspektiv, teoriar og omgrep planlegging og leiing
- forståing av samfunnsplanlegging som ein politisk styrt prosess med sikte på heilskapleg og berekraftig utvikling
- sjølvstendig og kritisk forståing av metodar for leiing av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar
Studenten skal ha ferdigheiter til sjølvstendig å
- knyte saman teori og praksis i kritiske analyser
- drive vitskapleg forsking
- skrive større og mindre oppgåver
- forstå og formidle forsking
Studenten skal kunne
- sjølvstendig reflektere over rolla som planleggar og leiar og korleis eigen kunnskap, ferdigheiter og haldningar/verdiar pregar utøving av rolla
- erkjenne at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til samhandling, innovasjon og i heilskapleg samfunnsutvikling
Studiet er totalt på 120 studiepoeng (stp). Av dette er 75 stp obligatoriske og 45 stp valfrie. Studiet er samansett av emne på 15, 30 og 45 stp. Emna Regional planlegging og utvikling (IPA301), 15 stp, Offentleg leiing og kommunikasjon (IPA303), 15 stp, Forskingsmetode og vitskapsteori (IPA307), 15 stp og Masteroppgåve (IPA308), 30 stp eller Masteroppgåve (IPA309), 45 stp, er obligatoriske.
Dersom studenten vel å skrive masteroppgåve på 45 stp, blir den valfrie delen av studiet 30 stp. Ein kan velje dei valfrie emna frå ein meny av førehandsgodkjende emne, eller søke om å få godkjend andre emne. Høgskulen kan setje sperre mot einskilde emne med fagleg overlapping. Tilbodet av valfrie emne ved Høgskulen i Volda kan variere frå år til år. Høgskulen er ikkje bunden til å gi tilbod om alle valfrie emne kvart studieår.
Det er høve til å lage individuelle utdanningsplanar ved å få godskrive og fagleg godkjent tidlegare/anna utdanning på masternivå. Ved oppstart lagar studenten ein utdanningsplan for studiet ved høgskulen som syner kva for emne mastergraden skal innehalde (valfrie emne, godskriving av anna utdanning som erstatning for obligatoriske emne, utlandsstudium m.m.) og framdrifta av studiet (heiltid, deltid, rekkefølgje på emne m.m.).
Undervisninga er tilrettelagt både for deltids- og heiltidsstudium. Undervisninga på 15-studiepoengsemna er organisert med tre vekesamlingar fordelt på eitt semester. Undervisninga på 30/45-studiepoengsemna er normalt organisert med fem til seks vekesamlingar fordelt på to semester. Organiseringa av undervisninga i samlingar har vist seg å fungere godt både for deltids- og heiltidsstudentar, og spesielt for å kombinere utdanning med arbeid.
Det blir lagt stor vekt på å kombinere førelesingar med dialog, seminar, gruppearbeid, praktiske øvingar og andre studentaktive læringsformer. Arbeidsoppgåver mellom samlingar inngår i evalueringa. Studentar kan i stor grad arbeide med eigne tema og arbeidsoppgåver. E-post, web-program m.m. vert aktivt brukt for å følgje opp og rettleie studentar.
Vurderingsformene er lagt nær opp til arbeidsformer i praksisfeltet. Det vil seie mykje bruk av heimeoppgåver, der studentane har tilgang til pensumet, og der dei både skal gjere greie for teoriar og omgrep, men også vise at dei kan bruke desse til å forstå og forbetre praksis. I vurderinga er det sjølvstendige drøftingar og refleksjonar som skal vektleggast.
Når det er samlingar i Volda, vil Studentsamskipnaden i Volda normalt kunne tilby studenthyblar.
Om godskriving og fagleg godkjenning (jf. UH-lova §3-5)
Relevante emne på mastergradnivå frå høgskulen eller andre utdanningsinstitusjonar kan godskrivast som obligatoriske emne (desse må våre tilnærma lik våre emne) og valfrie emne. Når det gjeld søknader om godskriving av utdanning frå andre høgskular og universitet, krev vi at studentane legg fram dokumentasjon frå den aktuelle institusjonen om det faglege innhaldet.
Fullført Samplan (30 stp) gir innpassing av emna IPA301 Regional planlegging og utvikling (15 stp) og IPA302 Prosessleiing og prosjektdesign (15 stp).
Det valfrie emnet LIH301 Ledelse i helse - og sosialtjenesten blir gitt i samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane i Molde, Volda og Ålesund, og er førehandsgodkjent for innpassing i mastergraden med 30 stp i den valfrie delen.
Tidlegare utdanning ved IPAS - etter oppgradering til masternivå: Studentar som har fullført masteremnet Regional planlegging og utvikling medan dette var på 30 stp, vil få fritak frå det obligatoriske emnet Regional planlegging og utvikling (IPA301), 15 stp, og emnet Prosessleiing i og prosjektdesign (IPA302), 15 stp. Studentar som har fullført masteremnet Offentleg organisering og leiing medan dette var på 30 stp, vil få fritak for det obligatoriske emnet Offentleg organisering og leiing (IPA303), 15 stp, og eitt valfritt 15 stp emne.
Tidlegare utdanning ved IPAS - før oppgradering til masternivå: Tidlegare studentar ved HVO som har fullført vidareutdanningar som 10-vekttalseiningar og som etter 2000 er oppgraderte til mastergradnivå, kan få godskrive desse i mastergraden. Dette gjeld vidareutdanningane Regional planlegging og utvikling og Regioplan Nordvest som blir godskrive som valfritt emne med 30 stp i mastergraden. Dei studentane som får slik godskriving, kan grunna fagleg overlapping ikkje velje emnet Prosessleiing og prosjektdesign (IPA302), 15 stp. Vidare gjeld dette vidareutdanningane Leiing for offentleg tilsetje (LOT) og Offentleg organisering og leiing, som også blir godskrive som valfritt emne på 30 stp.
Utanlandsopphald
Studentar kan søkje om å få godskrive andre emne som dei ønskjer å ta ved høgskular og universitet i andre land. Slike emne må vere på mastergradsnivå. I samband med planlagt utlandsopphald innanfor mastergraden vil høgskulen hjelpe til med å organisere og førehandsgodkjenne utdanning og/eller praksis.
Emne | 2021 Haust | 2022 Vår | 2022 Haust | 2023 Vår |
---|---|---|---|---|
1. STUDIEÅR | ||||
15 | ||||
15 | ||||
Valemne, sterkt tilrådde | 15 | 15 | ||
15 | 15 | |||
15 | ||||
15 | 15 | |||
15 | ||||
Andre valemne: | ||||
LIH301 Ledelse i helse- og sosialtjenesten - Emnet vil bli godskrive med 30 stp som del av utdanninga. Emnet går ved Høgskolen i Molde studieåret 2021/2022, og studentar som ynskjer dette emnet må søkje opptak på emnet ved Høgskolen i Molde. | 15 | 15 | ||
Valemne frå andre mastergrader ved HVO kan søkjast på i periodar for undervisningsopptak. På grunn av andre krav til opptak, må det søkjast særskilt til Studentsørvis på e-post: Studentsorvis@hivolda.no. Dette gjeld emna: | ||||
15 | ||||
15 | 15 | |||
15 | ||||
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
15 | ||||
2. STUDIEÅR | ||||
60 stp må vere bestått (inkl. IPA301 og IPA303) før ein kan starte på emna IPA307 og IPA308/IPA309. | 15 | 30 | ||
15 | ||||
Vel anten IPA308 eller IPA309. Val av IPA308 krev 45 stp. valfrie emne og val av IPA309 krev 30 stp. valfrie emne. | ||||
30 | ||||
15 | 30 | |||
Sum (120 total) | 30 | 30 | 30 | 30 |
Institutt for planlegging og administrasjon og samfunnsfag er akkreditert som fullt medlem av AESOP (The Association of European Schools of Planning), eit nettverk av europeiske universitet og høgskular som driv med undervisning og forsking i samfunnsplanlegging.