Semestre

IPA301 Regional planlegging og utvikling

Emnekode: 
IPA301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I dette emnet utforskar vi korleis ein gjennom samskaping og samfunnsplanlegging kan utvikle berekraftige regionar og samfunn.  

Emnet vektlegg utfordringar, men også moglegheiter, ulike regionar står overfor som utviklingsaktørar. Sentralt i emnet er korleis ein gjennom kommunikative planleggingsformer kan fremme deltaking, demokrati, læring og innovasjon som bidreg til utvikling og endring. Samskaping og partnarskap mellom det sivile samfunnet, næringsliv, demokratiske institusjonar og offentleg sektor, står sentralt.  

Studiet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Emnet er eit obligatorisk innføringsemne på mastergraden i Samfunnsplanlegging og leiing, men kan også gjennomførast som eit sjølvstendig emne i vidareutdanning. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • avansert kunnskap om grunnleggande planteoretiske perspektiv 
  • spesialisert kunnskap om kommunikative og kollaborative planteoretiske perspektiv 

  • avansert kunnskap om korleis kollaborativ planlegging kan nyttast som verktøy for å fremme innovasjon og utvikling i samfunn og regionar

Ferdigheiter

Studenten skal sjølvstendig kunne

  • analysere og forholde seg kritisk til utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og regionar ved hjelp av planteoretiske perspektiv 

  •  finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff på ein sjølvstendig måte, og framstille og drøfte dette slik at det svarer på ei problemstilling

 

Generell kompetanse

Studenten skal sjølvstendig kunne

  • kritisk vurdere korleis planlegging som verktøy kan nyttast i ulike situasjonar og kontekstar for å fremme ei berekraftig utvikling.  

  • kritisk reflektere over planleggarrolla som profesjon i plan- og utviklingsarbeid 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er samlingsbasert med tre vekessamlingar (tysdag til fredag).  

Samling 1: Veke 34 

Samling 2: Veke 39 

Samling 3: Veke 43 

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, nettleksjonar, seminar og studentaktivitetar. Undervisninga er i stor grad dialogbasert og legg opp til at studentane deltek aktivt. 

Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglærar og med kvarandre.  

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

Arbeidskrav 1: Gjennomføre litteratursøk. 

Arbeidskrav 2: Levere eit utkast til heimeoppgåve. 

Arbeidskrav 3: Gje fagfellevurdering (kommentar etter bestemt format) til ein medstudent sitt oppgåveutkast.  

Instruksjonar og innleveringsfristar for arbeidskrava kjem fram av Canvas.  

 

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ellen Strøm Synnevåg
Gro Anita Bårdseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Heimeoppgåve.
Arbeidet med heimeoppgåva føregår gjennom heile semesteret. Heimeoppgåva skal leverast i eiga eksamensmappe (Inspera) innan oppgitt frist. Studentane får rettleiing.

Heimeoppgåva skal skrivast på bakgrunn av oppgitt eller eit valfritt tema. Studentane skal formulere eiga problemstilling og diskutere denne ved bruk av relevant teori og empiri.
Alle
5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, innhaldsliste, figurar, tabellar og kjeldeliste i tråd med APA 6th eller 7th.
Godkjent av: 
Randi Bergem 01.03.2021