See list of study plans starting on:

Skuleretta samfunnsfag 1, nettstudium m/avgift

Studieprogram: 
Skuleretta samfunnsfag 1 - nettstudium m/avgift
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
70
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning. 

Om studiet

Dette vidareutdanningstilbodet er retta mot lærarar som har lite eller inga tidlegare utdanning i samfunnsfag, og skal gje dei solid fagleg og didaktisk kompetanse til å undervise i samfunnsfag på  5.–10. trinn. Emna som inngår i tilbodet er utvikla spesielt for å gje lærarar djupnekunnskap om tema som er framheva i fagfornyinga, i tillegg til innføring i grunnlagsproblematikkar innan fag og didaktikk. Det eine emnet tilbyr fordjuping i demokrati og medborgarskap, det andre i berekraft og globalisering. Emna legg vekt på å integrere det digitale som didaktisk reiskap. Emna gir også studentane innsikt i nyare forsking innan fag og didaktikk.  

Det blir lagt vekt på å integrere utdanninga i studentane sin eigen praksis som lærarar, gjennom arbeidskrav som tar utgangspunkt i skulekvardagen og bidreg til kunnskapsdeling i eigne kollegium.  

Vidareutdanningstilbodet Samfunnsfag 1 vil saman med Samfunnsfag 2 kvalifisere studentane til opptak ved HVO si erfaringsbaserte masterutdanning for lærarar, med fordjuping i samfunnsfag. 

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om 

  • Vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • Fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen
  • Menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
  • Samane som urfolk, dei nasjonale minoritetane, og om kulturelt mangfald i Noreg
  • Bruk av digitale verktøy i undervisninga
  • Stad og landskap som natur, kultur og historie
  • Samspelet mellom menneske, teknologi og natur med vekt på ressursfordeling og berekraftig utvikling
  • Samspelet mellom befolkning, mobilitet og globalisering
  • Stadar si rolle i sosialisering, identitetsdanning og sosial ulikskap
  • Konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • Berekraftdidaktikk
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • Finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
  • Reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen
  • Ta i bruk digitale ressursar i undervisninga på måtar som fremmar læring og refleksjon hos elevane
  • Bruke teoretisk kunnskap om fag og didaktikk til å reflektere over og vidareutvikle eigen undervisningspraksis
  • Legge til rette for læringsprosessar som tek vare på elevmangfaldet
  • Legge til rette for læringsprosessar som fremmar refleksjon rundt verdiar og motverkar diskriminering av minoritetar
  • Legge til rette for læringsprosessar som fremmar bevisstheit om utfordringar knytt til berekraft
  • Reflektere over samanhengar mellom dei forskjellige tematikkane i studiet
  • Forstå samanhengar mellom menneske, stad og natur
  • Tenke kritisk om ulikskapsprosessar relatert til klimaendringane
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • Reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • Ha overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
  • Reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
  • Ha kunnskap om korleis ein kan skape berekraftige samfunn
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er delfinansiert med studieavgift. 

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Nærare informasjon om arbeidskrav og eksamensform er tilgjengeleg i emneplanane. 

Skuleretta samfunnsfag 1, nettstudium
Navn: 
Skuleretta samfunnsfag 1, nettstudium
Kostnader

Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne)

Ansvarleg
Margit Ystanes, e-post: margit.ystanes@hivolda.no