See list of study plans starting on:

Skuleretta samfunnsfag 1, nettstudium m/avgift

Studieprogram: 
Skuleretta samfunnsfag 1 - nettstudium m/avgift
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
70
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning. 

Om studiet

Samfunnsfaget i skulen skal mellom anna stimulere elevane til å forstå og reflektere om samfunnet rundt seg, til å bli aktive samfunnsborgarar i eit demokratisk samfunn og bidra til elevane si identitetsutvikling. Dette studiet er retta mot deg som er ferdig utdanna lærar og ønskjer vidareutdanning i samfunnsfag som undervisingsfag. Studiet skal gi ei grunnleggjande innføring i utvalde tema i skulefaga/vitskapsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Kunnskap og forståing skal kome fram i ei kopling mellom ulike teoriar og konkrete døme frå Noreg og verdssamfunnet. Studiet skal særleg førebu studentane på arbeid i skuleverket, m.a. ved at fagdidaktikk vil vere eit gjennomgåande perspektiv. 

Sentrale tema i studiet blir forholdet mellom natur og samfunn, korleis arbeide med elevane si forståing av fortid, notid og framtid, demografi og berekraftig utvikling, likestilling og toleranse. Gjennom arbeidet vil du bli kjend med faga sine metodar og eigenart som vitskapsfag og skulefag, og gjennom det didaktiske perspektivet få utvida og tatt i bruk eigne erfaringar frå klasserommet og skulen. 

Studieprogrammet Skuleretta samfunnsfag 1 er retta mot undervising i grunnskulen trinn 5-7, medan Skuleretta samfunnsfag 2 rettar seg mot undervising på 8-10. trinn. 

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om naturgrunnlaget, geologi, klima, ressursar, levekår, folkesetnad og miljø nasjonalt og internasjonalt
  • kunnskap om barn og unges historieforståing og historiebruk
  • kunnskap om ulike samfunn, kulturar og deira vilkår
  • kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi
  • kunnskap om dei rettane barn og ungdom har, demokrati, politisk og økonomisk deltaking
  • kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
  • kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
  • bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og ferdigheiter i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
  • bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane
  • bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa og bidra til at elevane kan vere kritiske brukarar av digitale verktøy
  • kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i samfunnsfag
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking hos elevane
  • forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
  • reflektere over eigen praksis i møte med samfunnsfaget
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er delfinansiert med studieavgift. 

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Nærare informasjon om arbeidskrav og eksamensform er tilgjengeleg i emneplanane. 

Skuleretta samfunnsfag 1, nettstudium
Kostnader

Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne)

Ansvarleg
Margit Ystanes, e-post: margit.ystanes@hivolda.no