See list of study plans starting on:

Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering (deltid)

Studieprogram: 
Helse- og sosialfag - master (deltid)
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
8 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav
  • Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag.
  • Cand.mag.- grad med relevant fagsamansetjing.
  • Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.

For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, av desse 20 studiepoeng på fordjupingsnivå.

Opptak til avsluttande oppgåveemne:

Alle studentar på mastergradsstudiet må søkje undervisningsopptak til dei avsluttande emna MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori, og MEI314/315 Masteroppgåve. De obligatoriske emna, MEI301 og MEI302, må vere fullførte med karakteren C eller betre for å få opptak til dei avsluttande emna. Ved rangering tek ein utgangspunkt i karakterane på dei obligatoriske emna. Deretter blir søkjarane rangerte på grunnlag avgjennomsnittskarakterar på alle emna søkjarane har gjennomført i mastergradsstudiet sitt. Ved lik rangering vert opptak avgjort ved loddtrekning.

Om studiet

Denne mastergradsutdanninga gir deg kunnskap om korleis du som sosial- og helsearbeidar kan bidra til at brukarar kan meistre oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og livsfasar. Gjennom studiar av brukarretta kommunikasjon og informasjonsarbeid, tverrprofesjonelt samarbeid og relasjonsorientert arbeid lærer du kva som ligg til grunn for læring, meistring og myndiggjering (empowerment). Du vil også få god innsikt i korleis strukturelle forhold bidreg til ulike vilkår for meistring. Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helse- og sosialtenester med slik profil. 

Meistring og myndiggjering er kjerneomgrep i studiet. Meistring er viktig for personar i alle delar av livsløpet (barn, ungdom, eldre, funksjonshemma) når det gjeld å handtere typiske utfordringar i den livssituasjonen dei er i. Det handlar om korleis ein faktisk meistrar utfordringane i kvardagen, men også om korleis ein opplever å meistre tilværet. Omgrepet er særleg utvikla innan psykologi, og er særleg retta mot personar sine reaksjonar på stress og trugande situasjonar. Det er viktig å setje seg inn i denne tradisjonen, men også i nyare sosiologiske perspektiv, som i større grad ser meistring i lys av omgrepa makt, kontroll, kontekst og sosial kapital. Myndiggjering (empowerment) er nært knytt til makt, politikk og overføring av makt, dvs at folk kan ta ansvar sjølve og at dei som individ eller gruppe får auka kontroll med sitt eige liv. Sett frå hjelpeapparatet si side handlar det m.a. om å starte prosessar, framskaffe virkemiddel og stole på at individ eller grupper sjølve kan medverke til å betre eigen situasjon i dei tilfella der dette er realistisk.

Kommunikasjon er eit overordna og gjennomgåande perspektiv som vil bli tatt opp i undervisninga på ulike nivå. På makronivået vil dette gjelde tilhøva mellom sosial strukturar, system og kommunikative prosessar; t.d. når det gjeld kulturelle endringar (verdiar, haldningar, livsstil etc.), men også endringar i organisasjonane i helse- og sosialsektoren.  På mikronivået, i møtet mellom pasientar/brukarar og profesjonelle hjelparar, er kunnskap om kommunikasjon avgjerande for å realisere målsettingar om samarbeid og medverknad. Det blir her lagt vekt på korleis ein utviklar nødvendige føresetnader for at profesjonelle tenester og brukarane sine eigne meistringsressursar kan spele saman på ein problemløysande og helsefremjande måte. Munnleg og skriftleg språk er ein av dei viktigaste reiskapane i kommunikative prosessar. Studentane skal lære å analysere ulike tekstar og diskursar med utgangspunkt i teoriar om kommunikasjon, meining og kontekst.

Studiet legg vekt på Læring og pedagogikk ved at studentane lærer å analysere og forstå læring både gjennom innføring i ulike læringstradisjonar og ved å bruke omgrep frå sentrale læringsteoriar. Eit samfunn som er karakterisert ved omfattande institusjonalisering, og som i aukande grad blir fleirkulturelt, gir nye analytiske utfordringar når ein skal forstå læringsprosessar. Pedagogikken gir oss omgrep og kunnskapar til å analysere både individuelle og kollektive læringsprosessar i ulike former for praksisfellesskap i barnevern, sosialt arbeid, utdanning og helsearbeid. For å kunne skilje mellom ulike læringsprosessar må vi forstå dei historisk: Resultat blir rekonstruert ved at vi identifiserer kva vilkår som låg til grunn, kvar i livsløpet deltakarane var og kva prosessar desse vilkåra verka gjennom. Samhandling, rettleiing og læring krev også analysar av både det som er og det som bør vere – dei faktiske, men og dei normative og etiske sidene ved samhandling. Myndiggjering av den enkelte som mål for læringsprosessane, krev sjølvrespekt, tillit, inkludering og gjensidig anerkjenning mellom aktørane som samhandlar.

Helse- og sosialarbeidarar må kommunisere med individ og grupper om både førebygging, behandling og rehabilitering. Då må ein ta omsyn til at helse- og sjukdomsproblematikken varierer langs mange dimensjonar: Det er skilnader etter kjønn, alder og etnisitet, men også etter geografisk lokalisering og sosial bakgrunn, det vi samla kan kalle sosiokulturelle forhold. Livsstil og levekår varierer også mellom ulike befolkningskategoriar. Det gjeld for eksempel kosthald, fysisk aktivitet og forhold til rusmiddel. Denne kunnskapen må studentane tileigne seg for at dei seinare kan formidle nøktern informasjon på ein slik måte at ansvaret for levekår og helse ikkje berre blir plassert hos individ, men også hos politiske styresmakter på ulike nivå. Helsetilstand og eksponering for sjukdom eller sosiale vanskar endrar seg stadig. Det gjeld heilt frå fosterliv – via barndom, ungdomstid og vaksenliv – til alderdom. Helseforholda og risikobiletet skiftar også frå epoke til epoke. Dermed er livsløpsperspektivet nyttig for å gi kunnskap om korleis dette endrar seg historisk og mellom generasjonar. Dette er kunnskap som i lag med innsikt i relasjonar, kontekstar og strukturar er viktig for å medverke til å meistre sjukdom og sosiale problem.

Ved å legge vekt på Vitskapsteori og kunnskapssyn skal studiet medverke til at studentane skal kunne reflektere kritisk både over korleis kunnskap vert skapt og teken i bruk, og vise at vitskapsteori er eit relevant grunnlag for både forsking og yrkesutøving. Det vil særleg bli lagt vekt på kunnskapsteoretiske problemstillingar som gjeld tilhøvet mellom ulike kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar i helse- og sosialsektoren, og praksisutøving som høvesvis har instrumentelle eller kommunikative føremål. Vitskapsteori og kunnskapssyn vil såleis vere tema i alle dei tre obligatoriske fagemna: Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet, Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet og Forskingsmetode og vitskapsteori.

Nært knytt til ulike kunnskapssyn er også etiske utfordringar. Studiet skal gi kunnskap om, og utvikle forståing for, etiske utfordringar og dilemma som knyter seg til relasjonen mellom hjelpar og hjelpetrengande i helse- og sosialsektoren. Det handlar om rammevilkår knytt til systemforhold, men også etiske utfordringar i meir avgrensa sosiale relasjonar. Eit særleg fokus vert retta mot utfordringar som arbeidet med pasientar/klientar og pårørande medfører. 

Fagansvarlege for masterstudiet er:

  • Førsteamanuensis Bente Hasle, HVO
  • Professor Finn Ove Båtevik, HVO
  • Professor Jan Inge Sørbø, HVO
  • Professor Øyvind Økland, HVO
Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om kva pasientar/klientar kan meistre av oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og ulike livsfasar, og korleis meistring kan oppnåast
  • omfattande innsikt i korleis ulike kunnskapssyn har relevans for relasjonen mellom helse- og sosialarbeidar og pasient/klient og korleis desse kan legge grunnlaget for god omsorg, rettleiing og nødvendig hjelp
  • inngåande kunnskap om korleis det etiske grunnlaget for relasjonen mellom helse-/sosialarbeidar og pasient/klient må utviklast
  • kunnskap om korleis språk, informasjon og kommunikasjon kan påverke identitetar, posisjonar og relasjonar
  • innsikt i det politiske og forvaltningsmessige grunnlaget for medverknad i helse- og sosialsektoren
Ferdigheiter

Studenten skal 

  • ha inngåande ferdigheiter i å finne og gjere seg nytte av kunnskap om viktige samanhengar mellom sosiokulturelle forhold, livsstil og helse-/sosialproblem i førebyggjande og kurativt arbeid
  • kunne initiere FoU-arbeid som kan fremje god praksis på dei nemnde områda
  • kunne utøve høg grad av analytisk kompetanse og fagleg skjønn
Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha omfattande kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i samarbeid med ulike kategoriar brukarar
  • vere i stand til å initiere FOU-prosjekt med vekt på slike mål
Organisering og arbeidsmåtar

Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår, med undervisning konsentrert til studiesamlingar som går over fleire dagar i Volda. Ved ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium. 

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking.

Studiet er totalt på 120 studiepoeng. Av dette er 75 studiepoeng obligatoriske og 45 studiepoeng valfrie. Emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet (15 stp), Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (15 stp), Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp) og Masteroppgåve (30 eller 45 stp) er obligatoriske. Om ein vel Masteroppgåve på 45 stp, vert den valfrie delen av studiet 30 studiepoeng.

I det avsluttande emnet Masteroppgåve (30/45 stp) er det to eigne studiesamlingar i vårsemesteret, der fokuset er på arbeidet med masteroppgåva og utfordringar ein kan møte i skriveprosessen. I tillegg er det seminar i emnet  Forskingsmetode og vitskapsteori, der studentane legg fram og  får tilbakemelding på eige masterprosjekt og gir respons på medstudentar sine prosjekt. 

Ved målretta val av valfrie emne, kan studentane velje profil på mastergraden. Studentane kan velje blant godkjente emne ved HVO og ein kan også søke om å få innpassa relevante masteremne frå andre utdanningsinstitusjonar. Det siste kan til dømes vere masteremne med tema som helsefremmande arbeid og fysisk aktivitet. Du kan også søke om å få godkjent relevante masteremne frå universitet eller høgskular i utlandet. Alle valfrie emne som skal inngå i mastergraden skal ligge på masternivå. Ved pensumoverlapping mellom dei valfrie og dei obligatoriske emna, må studentane byte ut dei delane av pensum som er like.

Val av profil gir kompetanse med innretning mot ulike delar av det helse- og sosialfaglege feltet. Fullført mastergrad gir også grunnlag for å arbeide med forsking og utgreiingsarbeid, og kan kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.

Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.

Master i helse og sosialfag – meistring og myndiggjering, deltid
Navn: 
Master i helse og sosialfag – meistring og myndiggjering, deltid
Emne2022 H2023 V2023 H2024 V2024 H2025 V2025 H2026 V
Obligatoriske emne
15
15
Vel eit valemne kvart semester (maks 45 stp)
151515
 
LIH301 Ledelse i helse- og sosialtjenesten - Emnet vil bli godskrive med 30 stp som del av utdanninga. Emnet går i Molde studieåret 2023/2024, og studentar som ynskjer dette emnet må søkje opptak på emnet ved Høgskolen i Molde
1515
 
15
 
1515
 
15
 
1515
 
1515
 
15
Valemne frå andre mastergrader ved HVO kan søkjast på i periodar for undervisningsopptak. På grunn av andre krav til opptak, må det søkjast særskilt til Studentsørvis på e-post: Studentsorvis@hivolda.no. Dette gjeld emnet:
 
15
60 studiepoeng (inkluderet MEI301 og MEI302 med minimum karakter C), må vere fullført og stått før ein kan starte på emna MEI303 og MEI314/MEI315.
15
Vel anten MEI314 eller MEI315:
1515
 
Val av MEI314 krev 15 stp. tillegg av valemne, som bør takast i tredje studieår.
 
**1515
 
*151515
Ansvarleg
Bente Hasle, telefon: 70075420, epost: bente.hasle@hivolda.no